Juryklasse: Sinnes skule i Sirdal

5.-7. trinn på Sinnes skule er juryklasse i Bokslukerprisen.

Me er heldige som har eit flott skulebibliotek som gjer at me kan lesa kjekke og varierte bøker.

 

Me i 5. – 7. trinn på Sinnes synast det er ei glede å få vera med som jury i Bokslukarprisen og alle gler seg veldig.

Me går på ein liten skule på Sinnes i Sirdal, Agder, og på mellomtrinnet er me berre 15 stykk – tre jenter og tolv gutar. Likevel har me eit fantastisk skulemiljø der alle kjenner alle.

Staden me kjem frå er nok mest kjend for all den fine naturen, skitrekka og snøen. Sinnes ligg omlag 550 moh., og snørekorden er på 2,35 meter snø. Her kjem det alltid mykje turistar og det er hytter overalt. Alle dei fire skitrekka her plar vera stappfulle om vinteren. Nokre av oss som går på mellomtrinnet likar òg å stå ski, medan andre er meir glade i fotball, golf eller basketball.

Det er ingen tvil om at det er mykje leseglede på mellomtrinnet. Me var nyleg med på Norli Junior sin lesekonkurranse, og då las mellomtrinnet  92000 sider til saman. Me er heldige som har eit flott skulebibliotek som gjer at me kan lesa kjekke og varierte bøker.

Me er stolte av å vera trekt ut som jury og gler oss ein heil haug til å lesa suparfinalistane.