Juryklasse: 7.trinn Sviland skule

7.klasse ved Sviland skule gleder seg til å være jury for årets Bokslukerpris, og være med på å kåre årets beste barnebok. (Foto: Ann Helen Tveit). 

 Sviland skule ligg ca 7 km utanfor Sandnes sentrum. Elevane våre kjem frå to byggefelt ved sidan av skulen, og fra gardane rundt om i bydelen.  Vi er ein klasse på 22 elevar, og på skulen er det 140 elevar.  Skulen vår har nynorsk som hovedmål, men likevel er det flest elevar som har bokmål som målform.  I klassen vår har vi mange interesser. Mange likar fotball, og er med på fotballlag. Så er det og nokon som likar å teikne, er interessert i hest, spelar innebandy og ikkje minst gaming.   

  – Det blir gøy å få vere med på noko vi aldri har vore med på tidlegare. Og så gledar heile klassen seg til vi får reise til Oslo, fortel Ferdinand Lydersen Hellesøy, på vegne av klassen.  

-Dette er ei fantastisk moglegheit til å løfte fram leseglede og samarbeid. Vi gler oss til å lese saman, diskutere og kanskje oppdage nye favorittforfattarar, seier Ingelin Steinsøy, kontaktlærar for klassen. Ho legg til at klassen kjem til å jobbe med kreative leseøkter, og litterære samtalar.  

Sviland skule samarbeider og med Sandnes bibliotek.  

-Dette tykkjer eg er ei veldig kjekk nyheit. Vel fortent for Sviland, som jobbar godt med lesing og skulebibliotek. Dette passar godt inn i Sandnes kommune si lesesatsing, seier Espen Iversen, ved Sandnes bibliotek.  

  

No er vi klare til å jobbe godt med dei 5 superfinalistane i månadane framover, og vi gledar oss til å kåre den boka vi tenkjer fortener prisen som årets beste barnebok. Så blir det spennande å få komme til Oslo, og høyre kva dei andre skulane har tenkt, og ikkje minst få oppleve sjølve prisutdelinga!