Juryklasse: Valldal skule i Fjord kommune

7. klasse ved Valldal skule er juryklasse i Bokslukerprisen 2022.

Elevane i vår klasse er glade i å lese – vi likar både å lese på eigahand, i lesegrupper og i fellesskap i klasserommet. Av og til er det fint å kunne lytte til lydbøker også.

 

Hei!

Vi er 7. klasse ved Valldal skule. Skulen vår ligg i Fjord kommune i Møre og Romsdal, og har om lag 150 elevar frå 1. til 10. klasse. I klassa vår går 18 elevar – 6 gutar og 12 jenter. Vi er ein aktiv gjeng med mange fritidsaktivitetar: Fotball, langrenn, skiskyting, taekwondo, cheerleading, drill og riding – for å nemne nokre av dei idrettane vi er glade i!

Somme av oss har lyst til å skildre klassa som bråkete og rampete, men læraren vår seier at vi er engasjerte og omsorgsfulle. Vi er sosiale, og likar godt å vere saman i friminutta. På vår skule er det blant anna leikepatrulje, klatrejungel og ballbinge, og elevar frå alle klassetrinn kan vere saman (så sant vi er på grønt nivå, då).

 

  • Kvifor vi likar Bokslukarprisen:
  • Elevane i vår klasse er glade i å lese – vi likar både å lese på eigahand, i lesegrupper og i fellesskap i klasserommet. Av og til er det fint å kunne lytte til lydbøker også. 7. klasse har så langt likt boka «Hør’a Dagbok» aller best. Vi føretrekkjer humor, spenning, krim, grøss og drama, men vi er villige til å lese bøker i alle sjangrar!
  • Vi er gode til å gi respons, vi er ærlege og ikkje redde for å seie meiningane våre.
  • Vi ønsker å møte forfattarane.

 

Om juryklasse-oppdraget:

I vekene etter at søknaden om å vere juryklasse var innsendt, var vi spente og utolmodige etter å få svar. Då kontaktlæraren vår endeleg kunne dele at vi hadde blitt valt ut som juryklasse, trudde alle at det berre var tull: Læraren vår er nemleg veldig glad i å tulle med oss. Då vi oppdaga at ho filma med mobilen sin, skjønte vi at det faktisk var sant, og då blei vi veldig glade!

Først hadde læraren vår eit møte med foreldregruppa, der dei vaksne drøfta korleis vi skulle ta tak i oppdraget. Dei blei einige om å gjere oppdraget og prisutdelinga til ein skuletur til Oslo for heile klassa. Foreldregruppa har utnemnt ein turkomite som skal planlegge turen og søke om sponsormidlar til små og store bedrifter i nærmiljøet.

Heile klassa har allereie bidrege på fleire dugnadar for å samle inn pengar; Vi har hatt kransekakelotteri, juletresal og sal av kakao, kaffi og vaflar på julemarknaden i Skomakergata i Valldal (det er ei veldig fin julegate full av julelys og salgsboder). Vi har også brukt fleire ettermiddagar og ei helg på å selje lodd og fortelje om prosjektet på ein av butikkane i sentrum. Denne innsatsen har blitt lagt merke til, og lokalavisa har nyleg laga ei sak om oss og Bokslukarprisen.

No gleder vi oss til juleferie, og til mykje lesing og nye dugnadar på nyåret!

 

Helsing

7. klasse ved Valldal skule