Korleis skrive ei bokmelding på Bokslukerprisen?

1. INNLEIING
Skriv først ein kort presentasjon av teksten:
– Kva handlar teksten om? Skriv kort og nemn berre det viktigaste – dei viktigaste personane, kva som skjer og kor handlingane går føre seg. Nokre få linjer er nok (bruk heller meir plass og tid på å skrive om kva du meiner og kvifor).
– Kva slags bok er det snakk om (sjanger)? Er det krim, fantasy, drama, grøss, humor …? Minner boka om andre bøker du har lese eller filmar du har sett?
– I bokmeldingar er det dessutan vanleg å skrive bokas tittel, namn på forfattar og forlag. På bokslukerprisen.no er det allereie nemnt, så då treng du ikkje skrive det.

2. DI OPPLEVING OG VURDERING
Det er meiningane og grunngjevingane dine som er det viktigaste i ei bokmelding. Skriv derfor kva du synest om teksten og kvifor. Viss du klarar å grunngi meininga di, forstår ein kvifor du meiner at teksten er god eller dårleg. Då blir bokmeldinga di god og samstundes nyttig for andre barn.
Vel ut nokre punkt som forklarar kvifor du liker eller misliker teksten og bruk forklarande ord som fordi og derfor. Ta også gjerne med eit par døme frå boka som viser kva du meiner.

Kanskje du kan bruke punkta under som inspirasjon, men hugs at du må velje ut det som er viktigast for di vurdering.

– Er handlinga lett å leve seg inn i? Kvifor/kvifor ikkje? Kva gjorde at du levde deg inn i historia (eller ikkje)? Handlinga, personane, emnet, måten ho er skrive på?
– Korleis startar teksten? Startar den rett inn i handlinga eller med ei skildring? Grip den tak i deg med éin gong eller byggjer historia seg gradvis opp? Korleis utviklar handlinga og spenninga seg mot eit høgdepunkt? Er det noko som overraskar deg?
– Kva synest du om personane? Er det personar du blir glade i, ser opp til fordi dei er annleis, kule osv. eller er det nokon du misliker? Kvifor?
– Tek boka opp eit viktig emne? Har ho noko viktig å seie deg eller andre barn? Gir ho deg noko å tenke på eller er det det som skjer mens du les som er det viktigaste?
– Korleis sluttar teksten? Brått og uventa eller som du forventa? Får du lyst til å lese meir?
– Var det vanskeleg å slutte å lese?
– Var teksten lett å lese – kvifor/kvifor ikkje?

Viss du bruker ord som bra, dårleg, kjedeleg eller spennande, er det ekstra viktig at du forklarar kva du meiner. Prøv å forklare kva det er ved teksten som gjer han kjedeleg eller spennande. Du kan òg prøve å finne eit anna ord som dekker det du vil seie, som til dømes: overraskande, morosam, ekkel, treig, gripande, truverdig. Ei tredje moglegheit er å gje eitt eller fleire korte døme frå teksten som viser kva du meiner.
3. AVSLUTNING
Skriv ei avslutning der du summerer opp kva du meiner og kvifor.
– Kva er det beste ved teksten?
– Kva er svakheita til teksten? Kva irriterte deg?
– Bør andre lese han?
– Synest du at boka fortener å vere superfinalist? Å vinne Bokslukarprisen?

Før du legg ut bokmeldinga di på bokslukerprisen.no, rår vi deg til å sjå over teksten du har skrevet. Sjekk om han er lett å lese og forstå. Lag òg gjerne ei overskrift som seier noko om boka eller om leseopplevinga di. Då får andre barn enda større glede av å lese vurderinga di.