Lærarrettleiing til Full bajas

Av Ingunn Thon, illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen

Dette undervisningsopplegget er laga i samarbeid med Nynorsksenteret. 

Før lesing

– Korleis er ein perfekt  femte – sjette – sjuandeklassing? Tenkeskriv i fem minutt.

– Kva trur de ein bajas er? Diskuter med naboen, og skriv ned fem adjektiv som kan skildre korleis ein er når ein er «full bajas».

– Be elevane sjå på framsida, og snakk om kva dei ser. Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka? Kva for detaljar er det i illustrasjonane?
– Kva for stemning formidlar bilete, fargebruk, kontrastar – skummel, spennande, artig, tøysete, hysterisk, trist?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?
– Kva er tittelen på boka?
– Kva er ein bajas? Finn eitt eller fleire synonym.

Undervegs

Når vi no skal lese teksten, er det lurt å ha ein blyant i handa.

Vel eit fokusområde før du byrjar å lese:

Strek under ord som har meir enn éin stor bokstav. Kvifor har forfattaren brukt store bokstavar?

Set strek under alle setningar som fortel noko om korleis Orion er som person.

Set strek i margen når du les …

– noko som er interessant for deg.
– noko du lurer på.
– noko som er spennande.

Etter lesing

– I dette utdraget er det ein stor kontrast mellom Orion før han er på utviklingssamtalen, og når han vaknar neste dag. Først er han perfekt, dagen etter kanskje meir «uperfekt». Fikk ord som beskriv når Orion er perfekt og når han er «uperfekt».

– Perfekt og uperfekt er motsetningar. Vi kallar ord som betyr det same, for synonym, og ord som betyr det motsette, antonym. Finn synonym og antonym til desse orda: flink, arrogant, vitskremt, entusiastisk, barbarisk, stolt

– Skriv ei forteljing om kva som skjer med Orion når han kjem inn i klasserommet som ein bajas.

– Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassen og sjå om de kan kome fram til ei felles vurdering.

Likte de utdraget frå Full bajas? Kvifor / kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å fortelje om leseopplevingane sine og meiningane som betyr noko for dei. Det går an at vurderinga inneheld argument både frå dei som likte, og dei som ikkje likte utdraget så godt.

Registrering av resultatet

Når avstemminga er ferdig, registrerast resultatet inn på Klassens side på bokslukerprisen.no og på plakaten. Det er viktig å gjere dette før klassen startar på neste utdrag i antologien. Då blir resultata synlege og viser progresjon, samtidig som klassen har oversikt over resultata.