Lærarrettleiing til Jenny Fender

Av Heidi Marie Vestrheim

Denne rettleiinga er laga i samarbeid med Nynorsksenteret.

Før lesinga

Spel Number one blind av Veruca Salt på smartskjerm som estetisk inngang via YouTube.

Har du lyst, har du lov til å kle deg i ei kul band-t-skjorte, tettsitjande jeans og til dømes Converse-sko, eller nytte klasseromsscenografi eller annan konkret inspirasjon frå boka og utdraget som ein del av undervisningsdramaturgien. Har du ein Fender-gitar eller Casio-synt tilgjengeleg?

Høgtlesing eller bruk av lydfil gjev deg moglegheit til å stoppe opp undervegs for å snakke om hendingar og forventingar og forklare ord eller avsnitt i utdraget.

Nynorskbok.no har ein omtale av boka med lenker til undervisningsopplegg og aktivitetar i Tid for ti.

De kan også gjere dykk litt kjende med forfattaren, artisten, multikunstnaren og forfattaren Heidi Marie Vestrheim. Her er eit intervju med henne i Framtida Junior.

Klassesamtale

Dette er framsida på boka Jenny Fender. Kva trur de Jenny Fender er interessert i? Ut frå illustrasjonen på framsida kan klassen lage ei liste over ting de trur Jenny Fender er oppteken av.

Les baksideteksten høgt til klassen: «Bandet er kaputt. Ferien er kaputt. Livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deppa. Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med skeivt smil og gjer Jenny heilt svimmel.»

-Tittelen på boka er Jenny Fender. Boka er ein roman. Kva veit de om sjangeren roman? Kva forventingar har de til romansjangeren?

-Korleis vil de beskrive illustrasjonen? Kva detaljar legg de merke til? Kva er eit hovudtema her? Dette står i samanheng med klasselista de har laga ved starten av samtalen.

– Kva tenkjer de er samanhengen mellom baksideteksten og illustrasjonen på framsida?

– Kva kjenneteiknar rock som sjanger og kultur? Under lesinga kan elevane setje ring rundt ord som dei opplever er knytte til rockesjangeren og -kulturen. Dette kan vere med på å skape medvit kring sjanger og omgrep. Kanskje kan de nytte dei i eiga tekstskaping seinare? Dette kan vere anten innanfor saktekst, skjønnlitterær tekst eller i låtskriving, som døme.

Når vi les baksideteksten saman med elevane og samtalar om illustrasjonen på framsida, førebur vi elevane på kva dei skal lese om. Det kan gjere det enklare og meir interessant for elevane å lese teksten.

Undervegs i lesinga

Lag dykk ei god stund, og hugs å sitje godt og avslappa. Les eller lytt til teksten saman med klassen.

Utdraget inneheld lydspor som estetisk inngang til kvart kapittel. Lydspora er ein del av teksten og gjev heilskap i leseopplevinga og til forfattaren sin intensjon med teksten:

Number one blind (Veruca Salt)

About a boy (Noa Mal)

Red Eyes (The War On Drugs)

Dersom du les høgt for elevane, kan du sjølv vurdere om du stoppar opp ved hendingar, ord, frasar eller setningar som fengjer og/eller utfordrar.

Gje elevane tid og rom til å undre seg og la seg underhalde av teksten. Legg til rette for at elevane kan setje ord på kjensler, eller utforskingar som kjem fram. Døme på dette kan vere:

Kva kjensle/stemning, minne og/eller sansar blir vekte i deg

-ved starten av utdraget der dei nye naboane kjem?

-når Jenny ser den nye naboen for fyrste gong?

-når Jenny får kattedrit i ansiktet?

-når Jenny snakkar i telefon med Signe?

 

Etter lesinga

Snakk kort om teksten i heil klasse

Klassesamtale

Gje elevane moglegheit til å ta opp ting dei lurte på, blei merksame på eller fann underhaldande medan dei las. Slik kan alle få ei god forståing av innhaldet i teksten. La samtalen fyrst vere heilt fri for rammer.

Leseopplevinga mi

Individuelt arbeid.

 La elevane formulere si eiga oppleving av teksten, gjerne skriftleg analogt eller digitalt (balansert skriveopplæring). Elevane skal gjere seg flid med teksten, orden og den estetiske utforminga. Her er nokre forslag til setningsstartarar:

Eg tykte det var overraskande at …

Det var spennande då …

Det var kult at …

Eg blei overraska over at …

Det verka fint at …

Eg blei trist då …

Eg blei nyfiken av at / då …

Eg kjende meg att då …

Det var ukjent/framandt at …

Eg lo då …

Det vekte minne då …

Eg kjente lukta av … då …

Eg høyrde lyden av … då …

Eg ser føre meg … når …

Oppmuntre elevane til å grunngje påstandane sine ved å følgje opp alle med «fordi».

Døme: «Eg lo då … Jenny Fender fekk kattedrit i ansiktet, fordi det var så tragikomisk beskrive!»

La elevane dele opplevingane sine med kvarandre, enten i grupper på tre eller fire elevar eller felles i klassen.

Klassesamtale

Ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Begynn med spørsmål som: «Korleis opplevde de denne teksten?» og «Kva minne, sansar, førestillingar og/eller kjensler blei vekte i deg då vi las denne teksten?»

La samtalen utvikle seg ved å bygge vidare på elevane sine refleksjonar, undringar og reaksjonar. Legg til rette for eit trygt rom for å dele tankar og opplevingar rundt teksten. Ein treng ikkje å kome fram til eitt svar med to strekar under. Det er sjølve leseopplevinga og leseglede som er det sentrale. Du kan også ta utgangspunkt i eitt eller fleire av desse spørsmåla i klassesamtalen:

Omgjevnadane til Jenny Fender

-Kva landsdel er utdraget henta frå, trur de? Er det by eller land? Korleis får de dette inntrykket?

-Kva er ein siderfestival? Kvifor trur de det er siderfestival i heimbygda til Jenny?

-Korleis vil de beskrive livet til Jenny?

Jenny og Signe

-Kva alder trur de Jenny Fender og Signe Casio har? Kvifor trur de det?

-Forfattaren refererer til ein Fender, som er ein gitarprodusent, og ein Casio som er ein synthesizerprodusent. Kva tykkjer du om artistnamna til jentene? Kvifor lagar ein seg artistnamn, tenkjer de?

-Korleis vil de beskrive vennskapet til Jenny Fender og Signe Casio?

Gangen i forteljinga

-Kvifor startar utdraget med ein konkret situasjon, trur de? Kan de beskrive den situasjonen?

Rock

-Kven er Kurt Cobain og Nirvana? Kven er Courtney Love og Hole?

-Lytt til «Imagine» av John Lennon. Kva handlar denne teksten om? Forsøk å omsetje delar av teksten til nynorsk.

-Kva band er John Lennon kjent frå? Kva veit de om det bandet?

-Må ein like rock for å like dette utdraget?

-Korleis vil de beskrive energien av rock? Kva fargar, rørsler, lukter og lydar assosierer de med rockesjangeren?

Kva trur de kjem til å skje vidare?

Til slutt kan de gå til vurderinga og spørje:

-Kva likte du med teksten?

-Kva likte du ikkje?

-På ein skala frå 1 til 5, kor lyst fekk du til å lese heile boka?

-Kvifor / kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta blir grunngjevne slik at det kjem tydeleg fram kva elevane meiner om teksten. Tenk gjerne på korleis du kan legge til rette for at elevane skal få lyst til å dele meiningane sine om teksten.

Når de er ferdige med å vurdere, stemmer de over utdraget i klassen. Tykkjer elevane at utdraget er dårleg, passe bra, bra, veldig bra eller supert?

Registrering av resultatet

Når avstemminga er ferdig, registrerer de resultatet inn på Klassens side på bokslukerprisen.no og på plakaten. Det er viktig å gjere dette før klassen startar på neste utdrag i antologien. Då blir resultata synlege, samstundes som klassen har oversikt over resultata.

Og til slutt …!

Teksten og musikken gjev energi! Rock dykk laus med dans, spel, song og digg! Pjuh! Så blir det godt med friminutt og frisk luft.