Lærarrettleiing til Stella står i det

Undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret

Tema:
Å leve med lite – identitet, fellesskap og økonomi.
Norsk: lese og tolke skjønnlitteratur, skrive kreative og reflekterande tekstar, samtale om språk og identitet.
Samfunnsfag: forstå økonomiske omgrep, drøfte sosiale forskjellar og fellesskap.
Personleg økonomi: lage enkle budsjett, reflektere over forbruk og verdiar.

Før lesing:

Tekst i kontekst:

Læraren fortel:

Stella er fornøgd med livet. Ho bur saman med mora i verdas beste blokk, og to dører bortanfor bur bestevenninna Rania. Dei har ikkje så mykje pengar, for mora til Stella kan ikkje jobbe, men Stella synest likevel ho har alt ho treng. Heilt til mora ein dag inviterer heile klassen heim på bursdagsfeiring. Det vil ikkje Stella, for kva om mora serverer mat ho har funne på søppeldykking? Kva om Sofie og Ida ler av den vesle leilegheita deira? Og verst av alt, kva om mora får migreneanfall rett før og ikkje kan arrangere bursdag i det heile tatt? Her må det ein backup-plan til! Saman med Rania førebur Stella ein plan-B-bursdag.

Stella står i det er ei varm, humoristisk og sår bok om å vekse opp utan så mykje pengar, om fellesskap og om å stå opp for seg sjølv.

Under lesing:

Samtale i læringspar:

Etter «Avsløringa»: Korleis opplever Stella situasjonen sin?

Etter «Inne på eit mørkt rom»: Kva er Stella redd for? Kva seier det om ulempa ved andre sine forventingar?

Samtale i klassen:

Er det flautt å ha lite pengar? Kvifor/kvifor ikkje?

Kva kan vi gjere for å lette på presset frå andre sine forventingar?

Etter lesing:

I læringspar:

Lag ein «stemningscollage» (digital eller på papir) som viser korleis Stella har det.

Bruk fargar, ord og bilde.

*ein collage er ein kunstteknikk der ein set saman ulike materiale, som utklipp frå til dømes aviser, bilde, tekst eller digitale element, for å skape eit nytt verk.

Kreativ skriving

Individuell eller i læringspar

Vel A eller B:

A: Skriv ein kort tekst frå perspektivet til Rania:

Korleis ser ho på Stella og situasjonen?

Kva vil ho gjere for å hjelpe?

B: Lag ein dialog mellom Stella og mora der dei diskuterer bursdagen. Bruk indre tankar og replikkar for å vise kjensler.

Personleg økonomi og samfunnsfag

Utforsking i læringspar og klassen:

Kva betyr budsjett?

Kva er faste og variable utgifter?

Korleis påverkar økonomi kvardagen?

Praktisk oppgåve

I læringspar:

Lag eit enkelt budsjett for ein bursdag med 500 kroner som ramme.

Samtale og refleksjon i klassen:

Kva kan ein gjere for å ha ein kjekk bursdag utan å bruke mykje pengar?

Kva er eigentleg viktigast? Ting eller opplevingar? Eller fellesskap, vennskap, kjærleik og omsorg? Grunngi svaret.

Presentasjon

I læringspar og i grupper:

Presenter collage og budsjett i grupper.

struktur: innleiing, hovuddel, avslutning

bruk stikkord og bilde

øv på å snakke fritt og engasjert

øv på å sjå på publikum og bruke eit enkelt språk

øv deg på førehand for å bli trygg

ha ein tydeleg start og slutt

Samtal om kva de har kome fram til.

Avslutning

Klassen:

Lag ein idébank for lågkostnadsfeiringar.

Drøfting:

Kjærleik kostar ikkje pengar. Ikkje alle har moglegheit og evne til å gi mykje materielt og oppfinnsamt. Kva ulike tankar har de om dette?

Vurdering og avstemming

Til slutt kan dere gå til vurderinga og spyrja:

– Korleis var det å lese denne teksten? Var den lett å lese eller vanskeleg å lese?

– Korleis svarte teksten til de forventningene dere hadde før dere byrja lesinga?

– Kva likte dere med utdraget fra Stella står i det? Kva likte dere ikkje?

Før dere stemmer, er det viktig at elevane får vurdert teksten og moglegheit til å begrunna synspunkta sine. Det er viktig at rammene er hyggelege, og at elevane får mogelegheit til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meningane og grunngjevingane som betyr noe for dei.

Når dere er ferdige med å vurdere, stemmer dere.

Registrering av resultatet

Når avstemminga er ferdig, føres resultatet inn på Klassens side på bokslukerprisen.no og på plakaten. Det er viktig å gjere dette før klassen fortsetter med neste utdrag i antologien. Da blir resultatet synleg og visar progresjon, samstundes som klassen har oversikt over resultata. Hurra, dere er i gang!