Lærarrettleiing Vulkanen Vaknar – Overleve 1

Av Tor Arve Røssland

Før lesing

 

Heng opp plakaten på eit egna sted i klasserommet.  

La elevane individuelt studere bokomslaget og tittelen på boka. La dei fundere på kjensler rundt dei mørke, dramatiske og dystopiske bileta og fargane. Gjerne medan dei noterer. Hjelp dei i gong med tankeprosessen med spørsmål som: 

kva trur du boka handlar om?  

kva for slags kjensler kjem fram i omslaget?  

kva tenkjer du om tittelen?  

kven trur du dei to ungdommane på bilete er?  

Det er ein fordel om elevane får prate i lag med ein læringspartnar nokre minuttar etter dei har grunna sjølve.  

Gjennomfør deretter ei klassesamtale kor elevane får utrykke tankane sine før dykk les ingressen. I ingressen er det nokre omgrep det kan vere lurt å diskutere med elevane før dei les utdraget: flyktningstraumen og utrydningstrua. Desse omgrepa ligg til grunn for premissa i historia. Skriv dei opp på tavla og freist lage ein felles definisjon i klassa.  

Det same kan dykk gjere med sjangerordet dystopi. Kanskje nokon av elevane har lese ei bok, eller sett ein film/serie i same sjanger?  

Undervegs 

Lytt til eller les utdraget felles i klassa. Be elevane ha klar ein blyant og setje strek under ord og uttrykk dei lurar på kva betyr.  

Etter lesing 

 1. Samtale i læringspar 

Dei reaksjonane elevane har rett etter dei har lese noko, er viktig. Det kan og vere viktig at dei får lufta desse tankane i trygge rammar. La det vere opent for innspel og individuelle tankar rundt utdraget. Dei kan gjerne skrive medan dei pratar på borda. Hjelp dei i gong med nokre konkrete spørsmål:  

Kva handlar utdraget om?
Kva er dystopisk i historia? (Dette forutsetje at dykk gjekk grundig igjennom omgrepet før de las)
Er det noko som er skremmande med handlinga? Kva og kvifor?
Korleis stemmer tankane dykk hadde før lesinga med slik utdraget er?
Kven har forteljarstemmene? Kvifor har forfattaren valt to ulike, trur du?  

La dei jobbe ei stund med læringspartnarane sine før dei tek det opp i plenum. La elevane etter tur komme med sine tankar og innspel som dei har forberedt på borda. Følg opp med opne spørsmål som «kvifor tenkjer dykk akkurat det om det?», «kan du greie ut meir om det du seier?», «aha, så du meiner at..?», «er det nokon andre som tenkjer likt/ulikt?» og «wow, det er interessant det du seier der, trur du at..?»  

 2. Vurdering og avstemming

Til slutt kan de gå til vurderinga og spørje: 

– Korleis var det å lese denne teksten? Var den lett å lese eller vanskeleg å lese? 

– Korleis svarte teksten til de forventningane de hadde før de begynte lesinga? 

– Kva likte de med utdraget frå Vulkanen vaknar? 

– Og kva likte de ikkje? 

 

Utdraget er henta frå første bok i en ny serie. Trur de at de vil lese dei kommande bøkene?  

Før dei stemmer, er det viktig at elevane får vurdert teksten og anledning til å grunngi synspunkta sine.  

Når dei er ferdige med å vurdere, er det tid for avstemming. 

3. Registrering av resultatet

Når avstemminga er ferdig, førast resultatet inn på Klassens side på bokslukerprisen.no og på plakaten. Det er viktig å gjere dette før klassa held fram med neste utdrag i antologien. Då blir resultatet synleg og visar progresjon, samtidig som klassa har oversikt over resultata.