Lærarrettleiing til Familien Gnork

Av Thoralf Fagertun, illustrert av Line Halsnes

Opplegget er laga i samarbeid med Nynorsksenteret.   

Før lesing

Samtale to og to, deretter oppsummere i klassa:  

Kva er ein kannibal?  

Kva slags slangar kan ein ha til kjæledyr?  

Kva er det beste med å spele fotball?  

Kva er det verste med å spele fotball?  

Treng ein å ha mange pengar for å bli god i fotball?  

Kva kjenneteiknar ein god fotballspelar?  

Undervegs

Korleis vert desse personane skildra? Fyll ord inn i kolonnar under etter kvart som du les.  

Tom   Kompis  Preben 
     

 

Etter lesing 

I læringspar/heil klasse 

Læringssamtale

Samanlikn skjemaet ditt med ein partnar. Har de skrive dei same orda?  

Merk av positive ord med grønt og negative ord med raudt. Nøytrale ord kan vere utan farge. 

Kven er mest positivt skildra? Kven er mest negativt skildra? Er alle i klassa av same oppfatning?  

Kva slags ord har de skrive? Er det verb, substantiv eller adjektiv?  

Tenk på din favorittfotballspelar, eller ein annan person du kjenner godt, og som klassa også kjenner til. Skriv ei skildring av denne personen, korleis dei ser ut og kva eigenskapar dei har. Prøv å bruke både verb, substantiv og adjektiv. Les opp skildringa til partnaren din, og sjå om han greier å gjette kven det er. 

I heil klasse 

Vurdering

Til slutt kan dykk gå til vurderinga og spørje:  

 – Likte dokker teksten? Kvifor/kvifor ikkje?  

Det er viktig at synspunkta blir grunngjeve slik at det kjem tydeleg fram kva elevane meiner om teksten. Tenk gjerne på korleis du kan leggje til rette for at elevane får lyst til å dele meningane sine om teksten.   

Når dykk er ferdige med å vurdere, stemmer dykk over utdraget i klassen. Tykker elevane at utdraget er dårleg, passe bra, bra, veldig bra  eller  super?  

Registrering av resultatet 

Når avstemminga er ferdig, registrerast resultatet inn på Klassens side  på bokslukerprisen.no og på plakaten. Det er viktig å gjere dette før klassen startar på neste utdrag i antologien. Då blir resultata synlege og viser progresjon, samtidig som klassen har oversikt over resultata.