Lærarrettleiing til Skallen

Av Harald Nortun

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret og Foreningen !les.

 

Før lesinga  

Klassesamtale: 

– Sjå på framsida av romanen. Kva er det dokker legg merke til? (Skrift, person(ar), omgjevnader) 

– Kva trur dokker denne romanen handlar om? 

– Korleis passar tittelen Skallen til det dokker trur om handlinga? 

– Kva forventningar har vi til ein tekst som er omtalt som grøss? 

– Veit dokker om andre bøker eller filmar som er grøssarar? 

 

Undervegs 

Dokker kan gjerne lese utdraget høgt i klassen. Medan dokker les, kan dokker setje strek under ord eller setningar er som er med på å skape spenning eller uhygge. 

 

Etter lesinga 

 

1. Fellesoppgåver 

– Skriv opp dei orda/setningane elevane har plukka ut medan dokker las på tavla/skjermen. Det kan t.d. vere desse: Lukt av bål, ein knokkel, mørke, ei røvarhole, kjensla av å bli sett, meldinga med ein hovudskalle, inga dekning. Samtal i klassen om kvifor og korleis desse orda er med på å lage spenning eller uhygge. 

– Finn eitt eller fleire adjektiv til desse substantiva som gjer at dei blir skumlare: huset, båten, skogen, loftet, mannen, øksa, latteren 

 

2. Individuelle skriveoppgåver 

– Skriv vidare på forteljinga. 

– Plukk ut tre av orda på tavla og bruk dei i ei anna spennande forteljing. 

– Skriv eit femlinjersdikt der første linja kan vere: spøkelse, rønna, skallen, kniven eller andre ord som signaliserer noko skummelt. 

 

3. Vurdering og avstemming 

Til slutt kan de gå til vurderinga og spørje: 

– Korleis var det å lese denne teksten? Var den lett å lese eller vanskeleg å lese? 

– Korleis svarte teksten til de forventningane de hadde før de begynte lesinga? 

– Kva likte de med utdraget frå Skallen? 

– Og kva likte de ikkje? 

Før de stemmer, er det viktig at elevane får vurdert teksten og anledning til å grunngi synspunkta sine.  

Når de er ferdige med å vurdere, er det tid for avstemming. 

4. Registrering av resultatet 

Når avstemminga er ferdig, føres resultatet inn på Klassens side på bokslukerprisen.no og på plakaten. Det er viktig å gjere dette før klassen fortsette med neste utdrag i antologien. Da blir resultatet synleg og viser progresjon, samtidig som klassen har oversikt over resultata.