LESEKLASSE: 7.trinn på Bud skule

Scenelesing
Vi er ein 7. klasse ifrå Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Det er midt imellom Molde og Kristiansund yst i havgapet. Skulen vår ligg i Bud som er eit fiskevêr med ca. 800 buaværingar. Klassen vår har hatt den same norsklæraren sidan 4. klasse og det er han som kvart år har meldt oss på alskens lese/skrive-prosjekt. Det var stor stas å bli valt ut som leseklasse og no har vi satt av god tid til prosjektet. I klassen vår er det 4 gutar og 11 jenter. Vi held på med ulike ting på fritida, slik som fotball, turn, speling, hest, dans og trening.
Foreldra våre synes også det er kjekt at klassen får bli med og dei har planlagt ein lesekveld. Da skal vi vere på Ungdomslaget Vidar sine lokalar og vi får pizza og brus. Lokalet heiter Breidablikk, ein i klassen som er interessert i vikingar, fortalde at det er namnet til huset til guden Balder i Norrøn mytologi. I klassen likar mange av oss å lese ulike bøker, bildebøker, teikneseriar og faktabøker. Det som er så bra med Bokslukarprisen er at det er så mange forskjellige bøker å velje mellom og at det er noko for einkvan.