Samnanger skule, Hordaland

Me er 15 heldige elevar ved Samnanger barneskule som har fått æra av å vere jury i samband med «Bokslukarprisen» hausten 2018. Me skal lese nyutgjevne bøker for alderen 10-12 år, og deretter skrive bokmeldingar der me vil fortelje om leseopplevinga vår. Desse kjem me til å publisere på denne bloggen!
Me i 6A er ein morosam, ærleg og kreativ gjeng! Me er alle aktive innanfor ulike interesser. Me er glade i å lese, så dette oppdraget passa oss midt i bliken!

Samnanger er ei lita bygd i Hordaland. I kommunen vår har me ca 2500 innbyggjarar. Me synes sjølvsagt at plassen me bur på er den finaste i verda. Her finn du eit rikt kulturliv, eit aktivt idrettsmiljø, djup fjord og høge fjell – som tilbyr moro heile året!