Seim skule, Alver

Hei!

Vi er 18 elevar i 6.klasse. Vi er 9 jenter og 9 gutar. Skulen vår har rundt 150 elevar. Vi held til i Lindås kommune, ikkje så langt frå Bergen. Frå 1.januar 2020 vert vi ein del av nye Alver kommune.

Vi les mykje på skulen. Kvar morgon har vi lesekvart. Då får vi tid til å lese litt av kvart, både skjønnlitteratur og faglitteratur. Mange liker også å lese Nysgjerrigper eller andre magasin som vi har tilgjengeleg.

Vi har mange ulike interesser i klassa. Fleire av elevane speler fotball og handball, nokre likar å bokse, turne og klatra, samt speler dataspel. Jakt og fiske er også viktige interesser for nokre av elevane. Det er mange elevar i klassa som synast det er kjekt å lese, og les også utanom skulearbeidet. Vi liker å kunne fortelje om bøker vi har lest, særleg om dei vi likte.

Når vi no får lov til å vere juryklasse, har vi ei stor oppgåve framfor oss. Vi synast det er kjekt å få lov til å vere med på å bestemme kva for ei bok som skal vinne Bokslukarprisen.