Stanghelle skule, Hordaland

Heisann, me er ein ivrig 6.klasse frå Stanghelle skule. Det har vore ein spanande haust som bokslukarar og gleda var stor då me fekk beskjed om at me fekk vera juryklasse 2018.

Stanghelle er ei lita bygd med ca.800 innbyggjarar og på skulen vår er me 95 elevar. 6.klasse består av 10 kjekke elevar.

I haust har me hatt leseveker og bokslukerkafe på biblioteket. Der fekk dei eldste klassane høyra litt frå finalebøkene og me fekk fortelja om bokslukerprojektet.  Gleda var stor då kassen frå Foreningen les kom til skulen. Bøkene vart lånte med heim og lesinga var i gong for fullt. Me jobbar med bokmeldingar og har gode litterære samtalar i klassen.  I klasserommet har me laga oss ein liten bokslukerkrok der blant anna bokslukermaskoten har boligen sin. Maskoten er sydd i kunst og handverk og boligen likeså.

No ser me fram til at klassen skal reisa til Oslo i april, og me gledar oss stort til å få denne opplevinga saman.