Sveio skule

Sveio er ein nynorsk kommune som ligg heilt sør i Hordaland, på grensa til Rogaland. Haugesund by er berre ein liten halvtime unna. Sveio kommune er ein veksande kommune og det bur ca. 5600 menneske i her. Sveio skule er den største skulen i kommunen. Her går det ca. 370 elevar og det er 1. – 10. klasse ved skulen vår.

På 6. trinn er vi 2 klassar med 19 og 21 elevar. Vi var med på bokslukerprisen i haust og likte veldig godt å få lese utdrag og å få meine noko om det vi las. For mange gav det òg inspirasjon til å låne bøkene vi las utdrag frå! Vi blei glade for å få tilbod om å få vera ressursklasse for bokslukerprisen neste år. Begge klassane er med på å lese bøker og skrive bokmeldingar. Det er spesielt kjekt at fleire elevar får lese dei same bøkene slik at vi kan diskutere bøkene undervegs i lesinga. Vi er delt inn i grupper på tvers av klassane og på den måten kjenner vi på at det er noko vi gjer saman som trinn.- Det er givande!

På 6. trinn er vi glade i å lese bøker og er heldige å ha eit folkebibliotek rett i nærleiken. Det gir oss god tilgang på bøker og vi har faste avtalar med dei slik at vi alltid har bøker å lese. Vi startar kvar morgon med å lese 20 minutt i ei sjølvvald bok. Det er ein god start på dagen i tillegg til at det gir verdifull øving i å lese:) No for tida les vi bøker frå bokslukerprisen i lesetida både på skulen og heime.  Vi gleder oss til fortsetjinga!

Beste helsing alle oss i 6a og 6b ved Sveio skule!