Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Det gamle slottet

Olla Rypdal Olla forlag 2018

«Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys, ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggane i det gamle slottet.
Plystring frå ein kjent song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort…» Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm! Er det brannalarm? Tjuverialarm? Anna må finne mor og far, ho strammar bandet til Kaspar. I bandet er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar. »

Dette er den andre boka i serien om Anna og hunden hennar Kaspar. Denne gongen er dei i Frankrike, i ein liten borgby ved Middelhavet. På toppen av denne borga ligg det eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko – og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit nytt mysterium. Parallelt med dei mystiske hendingane Anna opplever, møter vi Bastien, ein gut som bur i denne borga i tida rundt den franske revolusjonen. Bastien får eit oppdrag. Anna og Namira, ei jente ho blir kjent med i den vesle borgbyen, gjer ei oppdaging i det gamle huset Namira bur i – ei oppdaging som blir til god hjelp når dei til slutt nøstar opp i slottsmysteriet. Men først held vi pusten av spenning saman med Anna, Kaspar og Namira mens dei kjem ut for farar og utfordringar.

Comments are closed.

Om Bokslukerprisen

Kontaktinfo

Prosjektleder og redaktør:
Christian Didrik Goveia Jacobsen
christian@stiftelsenlese.no

Besøks – og postadresse:
Stiftelsen LESE
Torggata 5
0181 Oslo

 

kontakt@stiftelsenlese.no
941 29 000

Personvernerklæring

Om Bokslukerprisen

Bokslukerprisen er en gratis og nasjonal leselystpris for mellomtrinnet.

Bokslukerprisen er en antologi med utdrag fra 10 gode barnebøker fra det siste året.

Bokslukerprisen er et leselysttiltak for 4 000 klasser og 120 000 elever.

Bokslukerprisen er en pris der elever på 5., 6. og 7. trinn bestemmer hvem som vinner.

Bokslukerprisen deles ut neste gang 21. april 2027, i Oslo.

Bokslukerprisen ble arrangert første gang skoleåret 2014/2015 og delt ut første gang i april 2015.

Bokslukerprisen arrangeres av Stiftelsen lese.

Til toppen