Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Elise og mysteriet på Hesteøya

Anne Viken Samlaget 2014

Elise og venninna Karin er på Hestøya i påskeferien. Dei skal vere assistentane til Elises onkel, Kalle. Han arbeider som veterinær på øya. I løpet av påskedagane blir hemmeligheiter avslørt.

 

Kapittel 11

Stallen skjuler ei hemmelegheit

 

– Stopp, seier ho. – Eg har noko du må sjå på, Kalle.

Mathilde sperrar heile vegen.

Kalle stoppar opp midt i ei rørsle.

– Kva er det? spør han.

– Kom, seier Mathilde og vinkar dei innover i stallen.

Kalle ser bort på Elise og følger etter. Elise kjem hakk i hæl. Først får dei ikkje gå inn i stallen fordi Mathilde skal vaske, og no må dei inn og får ikkje lov til å køyre sin veg.

Mathilde går heilt bakarst i stallen, opnar ei dør og går inn i eit halvmørkt rom med kvitkalka murveggar. Der er to boksdører av lyst treverk med oppheng for dekken, elles er rommet tomt. Golvet er klinisk reint for støv og høyrestar. Mathilde opnar eine boksdøra, og Elise skimtar ein mørkebrun hest som ligg på golvet. Ein hest her? Kalle går inn boksdøra, og Elise følger hakk i hæl. Buken på hesten går som ein blåsebelg, og han er sveitt over heile kroppen. Den svarte luggen klistrar seg til panna. Det er ein hingst. Elise snur seg mot Kalle og svelger. Mathilde har ein frykteleg sjuk hest, inst i stallen.

Rettighetene for utdraget gjelder for aksjonsperioden, derfor har vi måttet fjerne resten av utdraget. 

 

Legg inn din anmeldelse. Skriv inn din lærers e-post slik at du kan få premien hvis du blir månedens anmelder

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

BONUSSPOR:

– Les meir om forfattar Anne Viken her

– Kvifor trur du forfattaren har valt å skrive om hestar? Her kan du lese om bloggen som Anne Viken dreiv mens ho var veterinær

– Kjenner du til andre bøker der hestar er tema? Her er nokre tips:

Michael Morpurgo: Krigshesten 

Krigshesten er også blitt filmatisert. Sjå trailer her (NB! Aldersgrense 13 år):

 

Berit Bertling: Milla og ryttermafiaen

Ingeborg Arvola: Carla, min Carla

– Kor mange hestetypar kjenner du til? Er det forskjellige rasar? Les meir her om hestar

– Eig du hest sjølv? Eller kunne du tenkje deg å eige hest? Her kan du lese meir om det å halde på med hest i Noreg i dag

Til toppen