Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Ollis

Ingunn Thon Samlaget 2017

Ollis og Gro er bestevenner, men veldig ulike: Gro er modig, medan Ollis er forsiktig. Ho har til dømes med seg kilometerteljar på tur slik at ho ikkje kjem for langt heimanfrå. Ein dag kjem dei seg forbi bråsinte Geite-Tøger og den enda meir sinte Julebukken. På veg innover i Bjørkeskogen finn dei noko som set vennskapet på prøve.

 

4

Med Ollis på bagasjebrettet og Gro på pedalane snirklar sykkelen seg innover den krokete grusvegen. Det er slutten av mai, og det har vore sol og regn om kvarandre i eit par veker, så bjørkene har fått små, syregrøne knoppar på kvistane. Nokre lysstrålar, som akkurat greier å snike seg gjennom blad og kvist, kilar Ollis i andletet og tar vekk det siste av Julebukk-redsle.

Ollis og Gro har vore i Bjørkeskogen før, men han kjennest framleis heilt uoppdaga. Han er nemleg enorm. Ein gong fann dei ein gamal traktor med ei haremor og fire hareungar i skuffa. Og i enden av grusvegen er det sirkelrunde tjernet mamma har sagt at dei ikkje får bade i fordi det er botnlaust. Ollis trur ikkje heilt på det. For om det er botnlaust, må det bety at tjernet går heilt inn i det indre av jorda, gjennom ho til og med, og ut på andre sida av kloden, og hadde det vore slik, hadde det ikkje vore noko tjern, for då hadde vatnet runne ut i universet. Ollis og Gro har prøvd å finne ut akkurat kor djupt det er. Dei festa ei trådsnelle på ein pinne og ein stein i enden av trådsnella og kasta ho uti. Snella snurra og snurra heilt til all tråden var brukt opp, utan at steinen nådde botnen. Ganske kult. Ollis smiler og tenker at Gro har rett, dette er ein bra stad å vere på ein laurdag.

«Var du med far din i går?» spør Gro plutseleg.

«Einar er ikkje far min, Gro!» seier Ollis irritert og dunkar Gro i ryggen med handa.

«Au! Nei, ikkje Einar. Borgefar. Eg prøvde å ringe deg, men du tok ikkje telefonen.»

Ollis kjenner at hjartet dunkar litt fortare, og at ho blir sveitt i hendene.

Ollis har fortalt Gro om Borgefar. Ho har sagt at ho besøker han av og til, og at dei les eldgamle aviser og steiker pølser i brødristaren og ler seg i hel. Og at dei går på kafé og skriv «Ollis og Borgefar er rå folk!» under kaféborda med vassfast tusj.

«Kva gjorde de i går, då?» Gro reiser seg på pedalane att og syklar så fort at Ollis må halde endå fastare rundt ho. Ollis veit at Gro er litt misunneleg på Ollis fordi ho har Borgefar. Gro klagar ofte over at hennar foreldre er dørgande kjedelege og vanlege. Ollis synest ikkje det. Ho synest dei er fine. Så av og til er Ollis litt misunneleg på Gro på grunn av hennar foreldre òg. Og så er det ikkje heilt sant det Ollis har sagt om Borgefar. Ikkje det med avisene, ikkje det med brødristaren. Eigentleg er ingenting av det sant, så ho skundar seg å prate om noko anna.

«Vi stikk til tjernet, då!»

«OK», seier Gro.

Gro bremsar ned der grusveg blir til skogbotn og dei kan sjå det blenke i svart vass-skorpe mellom bjørkekvistane. Ollis hoppar av.

«Vi gøymer sykkelen», seier Ollis. «I tilfelle Geite-Tøger kjem.»

Gro smiler og ristar oppgitt på hovudet. Dei trillar sykkelen litt forbi tjernet og inn mot ei treklynge. Gro tråkkar ned nokre kvistar så dei får lyfta han inn mellom stammane. I det dei skal til å heise han inn, stoppar Ollis.

«Kva er det?» seier ho og bøyer seg litt ned mot noko som ligg på bakken, og rynkar på nasen. Gro ser mot same stad.

Ein ròten, liten plankebit ligg heilt innved foten av treet.

«Det står noko der», seier Gro.

Dei set frå seg sykkelen og huker seg ned medan dei myser mot eit nesten heilt utviska ord.

«Ssss-opp?» seier Gro prøvande.

«Sopp?» seier Ollis.

«Soppskilt?» Gro trekker på akslene. Ollis nikkar og trekker på akslene ho òg.

Gro skal til å lirke sykkelen inn mellom bjørkestammane, då Ollis plutseleg ropar:

«Stopp!»

Gro slepper sykkelen forskrekka.

«Kva?! Hoggorm?! Kvar?!»

Men Ollis ristar på hovudet.

«Stopp! Det står stopp på skiltet!»

 

Det er nokre få ord her i verda som kan stoppe Gro Gran, men «Stopp» er dessverre ikkje eit av dei, det veit Ollis godt. I det ho ser naseborene til Gro vibrere av iver, er det nesten så ho angrar på at ho såg t-en.

«Eit stopp-skilt. Med to utropsteikn. Det kan ikkje bli betre!»

Gro klistrar blikket til bakken og byrjar å rote rundt mellom busk og kratt og under tre og bak steinar, men det er ikkje før Ollis høyrer «Sjå!», at ho finn noko.

Gro drar nokre grastustar til sides.

«Det ser ut som det har gått ein stig innover her.» Ho ser på Ollis med gneistrande auge.

Ollis snur seg og ser nedover vegen. Kanskje ho tør å gå heim att åleine? Så kan Gro få leike oppdagar for seg sjølv. Men Ollis vil ikkje at Gro skal synast ho er feig. Ho må bruke nedteljingsregelen. Om Gro ropar på meg innan eg har talt til fem, må eg bli med, tenker Ollis og byrjar å telje så fort ho kan. Ein, to

«Kom igjen!» seier Gro og marsjerer innover skogen. Ollis sukkar og følger etter.

NB! Rettighetene for utdraget gjaldt for aksjonsperioden – skoleåret 2017/2018. Derfor har vi nå fjernet resten av utdraget.

Legg igjen en kommentar til Emil Walberg Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Til toppen