Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Smadra

Brynjulf Jung Tjønn Flamme 2019


Oda saknar mor. Slik ho var før, ikkje slik ho er no. No slår ho. Oda kan få trøyst av far og av bestevenen, Milad. Men kan ho fortelje sanninga?

Første gongen mor slo, skjøna eg ikkje kva ho gjorde.
Det var som om det ikkje hadde skjedd.
Eg kjende smerta i leppene, smaken av blod frå nasen.
Men at ho slo, hugsar eg ikkje.
Det var som om smerta kom av seg sjølv.
Reiv opp underleppa mi, dunka hardt i nasen.
Det gjekk så fort.
Mor stod der og såg på handa si.
Ho verka like fortumla som eg.
Hadde ho verkeleg slått meg?
Var det verkeleg handa hennar?
Vi såg sånn på kvarandre.
Og så skjedde det noko med ansiktet hennar.
Og så heldt ho rundt meg.
Og så grein vi saman.
På ein måte var det litt fint òg.
Det er ikkje ofte mor og eg grin saman.

Når eg høyrer stemma hennar, kvepp eg til.
Når ho kjem nær meg, kan eg stanse midt i ei rørsle,
halde pusten, til eg veit kva ho vil.

 

No står mor i døra mellom stua og kjøkenet. Kva vil ho?
Eg sit med matteleksene. Eg har ryggen til henne.
Kjenner varmen frå handa hennar på skuldra mi.
– Du? seier ho.
Stemma hennar er dempa. Mild. Eg pustar sakte.
– Ja? svarer eg.
– Som eg sa til deg tidlegare på kaien, så tenkte eg
at vi kunne gjere noko koseleg saman?
– Jo, kan godt det, svarer eg.
– Eg handla inn frukt og bær på butikken. Kanskje vi
kan lage smoothie?
Eg nikkar.
– Og vi kan sjå ein film eller spele eit spel?
Eg nikkar igjen.
– Så bra, seier ho. – Så bra, gjentek ho, medan handa
hennar glir frå skuldra, over nakken min, mot ansiktet.
Og så tek ho handa kjapt til seg, som om ho hadde
brent seg på meg.

Inne frå kjøkenet høyrer eg blenderen knuse bær
til raud drikke.
Eg går ut på verandaen.
Far er framleis på jobb.
Eg ser etter små skyer som glir over himmelen.
Om hausten og vinteren ser eg etter blinkande lys.
Små stjerner som rører på seg.
Som om eg trur eg kan få auge på han der oppe.
Men eg er ikkje liten og dum lenger.
Eg veit at det kan vere kva som helst fly,
på veg til kor som helst i verda.
Men det er nok for meg.
Å vite at det kanskje er far.
At det kanskje er han som flyg rett over meg,
akkurat no.

Mor set seg inntil meg, løftar glaset sitt.
– Nydeleg med smoothie, seier ho.
Vi har framleis ikkje sett kvarandre i auga.
Ho ser liksom litt forbi, som om auga hennar alltid
skjenar til sides for ansiktet mitt. Som om ho ser på
øyret mitt eller halsen min når ho snakkar med meg.
Ho smaker på den raude drikken og lagar smattelyd.
– Nydeleg, gjentek ho.
Blikket hennar er festa på glaset mitt.
– Skal du ikkje ha?
– Jo, men eg ventar litt, svarer eg.
– Pass på at han ikkje blir varm, seier ho.
Det er noko i stemma hennar, noko eg må vere
på vakt mot. Heile tida kan stemma endre seg.
Eg tenker på far, lurer på kor seint han skal jobbe
i kveld. Skulle ikkje flyet hans ha landa for ei lita
stund sidan?
– Eg trudde vi skulle kose oss, seier ho.
– Jo, seier eg.
Ho set glaset sitt på bordet.
– Kva er vitsen om du ikkje drikk smoothien
eg har laga til deg? spør ho.
Og no ser ho på meg. Auga hennar er blanke.
Berre dei ikkje blir mørke, tenker eg.
Mørke, utan noko lys i.
– Eg skal drikke han, seier eg.
– Så gjer det, då, seier ho.
– Eg skal det, seier eg, – men eg vil berre vente litt.
– Kvifor det? spør ho.
Eg ser på henne og vil ikkje svare.
– Kvifor vil du vente litt? spør ho.
At eg er så dum, tenker eg. Kunne eg ikkje berre
ha funne på noko? Men no er det for seint.
– Du må svare meg! seier mor.
– Fordi det gjer vondt, seier eg.
– Gjer det vondt? spør mor.
– Fordi det gjer vondt i munnen når eg drikk, seier eg.

 

– Om du ikkje ville ha smoothie, så kunne du sagt ifrå,
seier mor.
– Ja, eg skulle sagt ifrå, seier eg.
– Greitt, no ser vi filmen, seier ho.
– Ja, nikkar eg.
– Og kan du slutte med den nikkinga? spør ho.
– Ja, seier eg og klarer så vidt å la vere å nikke.
Mor sit framleis inntil meg, men er ikkje like varm
og mjuk som i stad. No er kroppen hennar hard,
som om ho har usynlege piggar.
Eg ser på skjermen. Tenker på far.
På at han stig ut av flyet.
Rettar på uniforma si.
Går gjennom flyhallen.
Set seg i bilen.
Parkerer utanfor huset vårt.
Opnar døra og roper at han er heime.

 

– Så hyggeleg de har det her? seier far. Han legg frå
seg pilotlua og jakka på ein stol. Set seg i sofaen.
Eg kryp inn i armkroken hans. På skjermen jagar ein
gjeng med zombiar ein gut og ei jente.
– Oi, det var ganske heftige greier, seier far. – Sikker på
at du vil sjå på dette, Oda?
Før eg får svart, reiser mor seg. Skjermen er allereie
svart, og ho held fjernkontrollen med den gode handa.
Den dårlege handa har ho stukke ned i bukselomma.
Men eg ser at handa dirrar.

 

Eg saknar mor. Slik ho var før. Alle gongene
ho heldt meg i handa. Alle gongene eg fekk
sitte på fanget hennar. Dei gongene ho kom
bort til meg og fletta det raude håret mitt.
Strauk meg over ryggen.
Sa at eg var jenta hennar.
At ho elska meg over alt på jord.
At ho ville gjere alt for meg.

Når byrja eg å gå til far når eg trong trøyst,
og ikkje til henne?
Var det den gongen eg ikkje fekk sove og lista meg
ut av soverommet og tjuvlytta på dei i stua?
– Skal vi kanskje lage ei veslesøster eller
ein veslebror til Oda? sa far.
Eg høyrde ein av dei setje frå seg eit glas.
Eg høyrde far kysse henne.
Eg høyrde at mor sa slutt.
Og eg førestilte meg at ho vrei seg ut av armane hans.
– Kan vi ikkje prate om det? høyrde eg far seie.
– Nei, sa mor.
– Kvifor ikkje?
– Nei, eg vil ikkje ha fleire, eg vil ikkje fleire slike.

 

 

Eg hugsar då ho slo meg i fjor sommar.
Eg hadde skuleferie. Far flaug lange turar til utlandet.
Eg hjelpte mor med å henge vask på tørkestativet.
Ho bar den tunge baljen, eg bar den vesle korga
med klyper. Mor sette baljen i graset. Så løfta ho eit
dynetrekk, slengde det over snora. Eg rekte henne
tre klyper.
Eg elska nyvaska tøy. Den friske lukta. Det kalde,
våte tøyet mot ansiktet.
Mor hengde opp laken, eg stod klar med klyper.
Eg gjekk bort til lakenet, lukka auga
og sniffa inn lukta.
– Kva er dette? spurde mor.
Eg såg usikkert på henne.
– Sjå her, sa ho og peikte.
Det var raude merke på det nyvaska tøyet.
– Få sjå hendene dine, sa ho.
Fingrane mine hadde raude merke etter jordbær.
– Har du ikkje vaska dei? spurde ho.
– Eg gløymde det, sa eg.
– Kor gammal er du, eigentleg? spurde mor.
– Eg trudde du ikkje var ein liten dritunge lenger!
Mor reiv lakenet av snora så klypene flaug.
Ho slengde lakenet i bakken og trampa på det.
Og så fann ho blikket mitt.
Det var som om ho gjorde seg klar.
Eg rakk å tenke at no skjer det igjen.

Det svei og dunka der mor hadde slått.
– Du må ikkje seie det til far, sa mor.
Ho fann ein pose frosne grønsaker.
La posen mot ansiktet mitt.
– Hald han slik.
Ho gjekk fram og tilbake.
– Vil du ha eit glas vatn?
Eg rista på hovudet.
– Er du svolten?
Eg rista igjen.
– Kan eg halde rundt deg?
Eg rygga unna. Sprang ut i hagen og inn i skogen.
Eg sat i gapahuken til dei frosne grønsakene hadde
tina og hendene mine var kalde.

Legg inn din anmeldelse. Skriv inn e-post og skole slik at du kan få premien hvis du blir månedens anmelder

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

28 anmeldelser av “Smadra

  1. Det var en spennende bok, med passe mengde drama. jeg ble sugd inn i boka.

    TERNINGKAST 5
    selv om den var bra var det på en måte ikke så mye som skjedde!
    men jeg anbefaler den til de som elsker drama

  2. En litt trist og vemodig historie. Oda blir slått fysisk av sin mor, uforvarende og umotivert, og blir utrygg. Det blir en mørk hemmelighet, som hun skjuler for omgivelsene. Årsaken til moras handlinger er at mora selv har en livskrise ; hun har begynt å skjelve på handa, og mister kanskje jobben som arkitekt.
    Det er mye fortalt i boka, mellom linjene, som er på nynorsk og med korte kapitler.
    Terningkast 5

  3. Veldig spennende bok faktisk:j har lest hele før. Terningkast..hmm..5. Anbefaler å lese hele.

  4. En litt trist å dramatisk bok den var veldig spenende og den forklarte liksom alt som skjedde så jeg kunne se for meg det den var veldig bra anbefaler den til folk som liker drama bøker!

  5. 😬 Litt sån skummel bok for meg faktisk 😂 er ikke så veldig glad i sånne bøker den var gøy… Men som sagt for meg var han skummel. Det var noe galt med ho mammen.. Terningkast 4

  6. Til vanlig er jeg ikke sånn veldig glad i drama, men denne ble kanskje litt gøyere å lese siden det var på nynorsk. Siden jeg ELSKER å lese på nynorsk, gir jeg denne boka terningkast 5!

  7. Det var ganske slemt av mora å slå barne sitt. 5 av 10 stjerner⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️

  8. Denne boka var Litt trist. Men og kjekk. Det var godt forklart og skjønner hele tiden hva de gjør. Denne boka likte jeg!

  9. Jeg synes boken er skjedelig fordi den var liksom bare om at mammaen slår BARNET SITT!!!!! Terningskast 4

  10. den var suuper jeg må ha den boka den var positiv samtidig som ikke men jeg er glad jeg fikk den opplevelsen av og bli så sugd inn i den boka .😉👌👏

  11. jeg syntes denne boken var bra fordi de forklarte alt de sa og forklarte alt veldig bra.
    Det var mye spenning i boka.
    jeg gir denne boken.
    10/10

  12. Boken hadde et bra budskap. Jeg må innrømme at jeg egentlig ble ganske trist av å lese dette…men boken var en bra bok! Har veldig lyst til å lese mer av den.

  13. Boken hadde et bra budskap. Jeg må innrømme at jeg egentlig ble ganske trist av å lese dette…men boken var en bra bok! Har veldig lyst til å lese mer av den. Jeg tror at dette er en bok flere burde lese.

Til toppen