Juryklasse: Tornes skule, Hustadvika

5. klasse ved Tornes skule er juryklasse i Bokslukerprisen.

Vi har planer om både bokbad og lesevake.

Vi er 5. klasse på Tornes skule og vi er ca. 100 elevar. I klassen vår så er vi 16 stk, 4 jenter og 12 gutar. Skulen vår ligg i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal.

Vi bur midt i mellom Kristiansund og Molde og har dermed Ormen Lange på Aukra til utsikt. Vi bur på kysten med skogen som nabo og har dermed mykje uteskule som vi likar.

I nærleiken kan du finne fleire vikinggraver, bunkere frå 2. verdskrig i Bud og Atlanterhavsveien(den rare brua som du ofte ser på bilreklamar). Ole Gunnar Solskjær(tidlegare trenar av Manchester United og Molde) bur også i nærleiken.

 

I klassen vår er vi veldig glad i faga musikk, kunst og matte. Sidan vi er glad i å lage mat, gleda vi oss til mat og helse neste år. Vi er også veldig glad i Michelles time, det er læraren vår sin time og der kodar vi på mange ulike måtar, i mange ulike fag.

 

Elevane har også vært veldig gira på prisutdelinga i april, så vi har jobba mykje med det praktiske som budsjettlaging, innsamling av midlar og på å undersøke kva vi kan finne på i Oslo. Mange gleda seg til å forhåpentlegvis møte Victor Sotberg og Dag Otto Lauritzen. Dei er skikkeleg store fan! Fleire har allereie tjuvstarta litt med å lese bøkene som falt i smak.

Vi likar godt å jobbe med arbeidsplan, og å samarbeide med 4. klasse med stasjonar. Dette kjem vi til å bruke kjempemykje når vi startar for fult med prosjektet i januar. Vi skal samarbeide tett med 4. klasse og jobbe mykje med veileda lesing og andre tverrfaglege opplegg. Vi har planer om både bokbad og lesevake etter kvart.