Valestrand skule, Osterøy

Vi er sjuandeklasse på Valestrand skule på Osterøy. Vi er 26 elevar, 15 jenter og 11 gutar. Vi er glade i å overnatte på skulen, nokon vi alt har gjort to gongar, og som vi håpar vi får gjere fleire gonger. Vi likar å spele kanonball, stikkball, tjueein (basketball), fotball og volleyball. Klassen er glad i å vere ute på tur, gjerne med bading, grilling og fisking.
I klassen vår har vi ein time stillelesing kvar veke. I sjuandeklasse har vi høyrt heile Skammarens Dotter av Lene Kaaberbøl på lydbok. For nokre veker sidan såg vi filmen som er laga av boka. Vi har analysert og samanlikna bok og film.

Skulen vår er ein mellomstor skule med 186 elevar. Skulen er delt i to bygg, 1.-4. klasse er i eit bygg, og 5.-7. klasse er i eit anna bygg som vi kallar Paviljongen. På skulen har vi ei heilt eiga fotballbane, som vi likar å vere på i friminutta. Skulen vår ligg midt i bygda, så mange av oss kan gå til skulen. På vinteren får vi ake på naboen sin bø.

Osterøy er Nord-Europa si største innlandsøy. Det vil seie at øya har sjø på alle kantar, men likevel ligg inne i landet, og ikkje langs kysten. Bergen er nærmaste storby til Osterøy. Fiolinisten Ole Bull hadde sommarhuset sitt her på Valestrand. Mykje er oppkalla etter han her på Valestrand. Til dømes er det mange av oss som bur i Bullaåsen. Vi har òg ei ferje, Ole Bull-ferja, som går frå Valestrand til Breistein. Elles er det to bruer som fører til Osterøy. På Osterøy har vi ei 400 år gamal kyrkje. Den ligg på Hamre, der nokre i klassen vår bur. Osterøy vart eigen kommune i 1964, og det bur litt over 8000 personar her.