Valle skule

Vi er ni kjekke, smarte, kreative, nysgjerrige, morosame og flinke elevar som går i sjette klasse ved Valle skule. På skulen vår går det litt over 90 elevar frå 1. til 7. klasse. Vi er den minste klassa på skulen vår med 7 gutar og 2 jenter. Vi liker mykje forskjelleg: matlaging, handball, kanonball, fotball, spele videospel, dyr og mykje meir!

Valle skule ligg i Skodje kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Om nokre år blir kommunen vår slått saman med fem andre kommunar og vil heite Ålesund kommune.

Vi er veldig glade for at vi fekk vere med i haust og vurdere utdrag frå bøker til Bokslukerprisen, og for at vi vart spurt om å vere ressursklasse for neste års Bokslukerpris no i vår. Vi har lest ein del bøker no, og skrive bokmeldingar til desse. Du kan finne bokmeldingane våre på www.valleskule.blogg.no!

Med vennleg helsing

Sjette klasse ved Valle skule