Aktivitetar, Eg har venta på deg

 

 

1.
Skriv ei melding

Skriv ei bokmelding av utdraget frå Eg har venta på deg.
Gjer deretter teksten din tilgjengeleg for elevar på mellomtrinnet i heile Noreg, forfattarar, forlag osv. ved å publisere han under utdraget.
Kvar månad vel vi ut den beste meldinga som har komme inn og sender ein bokpremie til vinnaren.
Viss du vil, kan du få hjelp til å skrive meldinga HER og HER.


2.
Jenta på loftet

Simon ser ikkje jenta på loftet, men høyrer ei stemme som skremmer han.
Korleis trur du jenta ser ut?
Lag ei skummel teikning.


3.
Lag ein boktrailer

Boktrailer er ein sjanger som blir brukt for å marknadsføre nye bøker. Det er spesielt dei store forlaga som lagar slike boktrailere, og inspirasjonen kjem frå måten filmselskapa marknadsfører filmar på.

Her er nokre døme:
https://www.youtube.com/watch?v=dkQVT0bbtdU
http://www.youtube.com/watch?v=clJ25uwIer8
https://www.youtube.com/watch?v=JS07ITxECsI

Her er tips til korleis du kan lage din eigen boktrailer.

 

4.
«Dette er det beste livet som finst»

Skriv ein tekst der du bruker dette sitatet som tittel.
Du vel sjølv om du vil finne på ei forteljing, skrive eit dikt, beskrive ein konkret situasjon der du er nøgd eller liknande.
Når du er ferdig, kan du lese teksten høgt for læringspartnaren din.