Opplegg til Apetryne av Atle Hansen

FØR:
Klassesamtale.

Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:
– Kva ser de på framsida av boka?
– Kva for tankar får de når de ser på biletet?
– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?

– Kva synest de om tittelen Apetryne?
– Kva førestiller de dykk at ei bok med denne tittelen handlar om?

Bokslukarfiguren viser mobbing.
– Kva slags samanheng ser de mellom Bokslukar-figur og tittel?
– Kva slags forventningar har de til ei bok som handlar om mobbing?

Teksten er lettlese og har mellom anna fått plass på 100-lista til Leser søker bok – ei liste over dei beste og lettaste bøkene som er gitt ut dei siste åra.
Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å lese ingressen med elevane. Det kan òg vere ein ide å dramatisere delar av teksten for elevane. For elevar som har nynorsk som sidemål kan de dessutan førebu lesinga gjennom å snakke om følgjande ord: spørja, nokre, gøymde, preikar, løgne, rørslene, attmed.

 

UNDERVEGS:

Lesestopp

Be elevane stoppe undervegs i lesinga, til dømes ca. midt på s. 39 (etter «… Alt er fint lenge.») eller etter nokre minuttar.

La dei skrive spørsmål til teksten ut ifrå det de har lese. Her er nokre døme på spørsmål som kan brukast for å sette i gang elevane:

– Kvifor kjenner Arne ein klump i brystet?
– Kvifor får han ikkje med seg noko av det han les?
– Kvifor kjem Simon og Ivar?
– Kvifor er Simon oppglødd?
– Korleis har Arne det i lag med dei to gutane?

Alternativt kan dei bruke nokre minuttar på å skrive kva dei trur vil skje vidare.
Deretter fortset de å lese resten av utdraget.

 

ETTER:

1. Litteraturintervju
Par som rullerer.

I forkant av litteraturintervjuet får elevane utlevert eit ark med nokre spørsmål. I tillegg til dei faste spørsmåla er det plass til at kvar elev kan skrive 2-3 supplerande spørsmål etter eige val. Det bør vere opne spørsmål (spørsmål utan eintydig fasit), og det kan med fordel vere spørsmål frå oppgåva over (undervegs-oppgåva). Eit forslag til spørsmålsark finn de HER.

Elevane skal først skrive dei to supplerande spørsmåla på arket og deretter ta med seg arket rundt i klasserommet for å finne eit intervjuobjekt. Når dei har funne ein partnar, skal elevane stille eit spørsmål frå lista, og partnaren skal svare. Intervjuaren lyttar til svaret, noterer stikkord på arket og stiller ev. oppfølgingsspørsmål ved behov. Når begge elevane har fått svar på eit spørsmål, finn dei ein ny partnar og stiller eit nytt spørsmål frå lista.

2. Velje spørsmål
Gruppearbeid.

På bakgrunn av oppgåvene over skal elevane nå gå i grupper for å diskutere seg fram til to spørsmål som dei meiner er dei viktigaste å stille til utdraget. I tillegg må gruppa kunne grunngje kvifor dei meiner akkurat det.

3. Diskusjon og avstemming i heil klasse
Klassesamtale.

Bruk spørsmåla frå gruppene til å snakke om utdraget.

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

I tillegg til spørsmåla til elevane, kan ev. desse spørsmåla inngå i samtalen:

– Korleis trur de Arne har det?
– Kvifor trur de Arne vel å herme etter apekattane?
– Korleis endrar situasjonen seg når Anna og dei andre jentene kjem?
– Kvifor trur de det er slik?
– I kva grad meiner de at ein kan vite at ein aldri har vore forelska viss ein ikkje veit kva det vil seie å vere forelska?
– Kvifor trur de Simon seier stygge ting til Arne?
– Synest de at Simon og Ivar mobbar Arne? Kvifor/kvifor ikkje?
– Burde Arne visst betre?
– Kva synest de om måten Arne reagerer på?
– Korleis meiner de at han burde reagert?
– Kva inntrykk får de av Anna?
– Er det noko i utdraget som gjer særleg inntrykk på dykk?
– I kva grad synest de at det som skjer i utdraget kunne skjedd i verkelegheita?

Ivar har filma med mobilen, og lovar å ikkje sende opptaket vidare til nokon.
– Trur de på han når han seier at han ikkje skal vise filmen til andre?
– Korleis trur de at de hadde reagert om nokon delte eit mobilopptak de ikkje sjølv var fornøgd med?
– Kvifor trur de boka heiter Apetryne?

4. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale.

Til slutt diskuterer de utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei felles vurdering.
– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.
Når avstemminga er ferdig, fører de resultata inn på Klassens side og på plakaten.

Det kan òg vere lurt å snakke om korleis de opplevde å jobbe med kombinasjonen lesestopp og litteraturintervju.

5. Fleire aktivitetar

På denne sida finst det ekstra-oppgåver som tek utgangspunkt i utdraget frå Apetryne. Fleire av aktivitetane har ein låg terskel og  kan gjerast i løpet av få minutt.