Opplegg til Blå flaggermus

av Harald Nortun

FØR:

Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva legg de merke til på framsida av boka?
– Kva for tankar får de når de ser på biletet?
– Kva tenker de når de høyrer tittelen Blå flaggermus?
– Kva trur de at ei bok med denne tittelen handlar om?

Sjangeren er identitet.
Boka handlar altså mellom anna om kven ein er, kven ein ønskjer å vere, kva for sosiale grupper ein høyrer til osb.
– Kva veit de om denne sjangeren?
– Veit de om andre bøker/filmar/seriar/spel med dette tema?
– Kva slags forventingar har de til ei bok i denne sjangeren?

 

UNDERVEGS:

Lesestopp

Be elevane stoppe undervegs i lesinga, til dømes etter kapittel 1 (på s. 108)  eller etter nokre minuttar.

La dei skrive spørsmål til teksten ut ifrå det de har lese. Her er nokre døme på spørsmål som kan brukast for å sette i gang elevane:

– Kva fortel starten om sommarferie til Sander og Tomas?
– Kva synest de om framferda til måseforeldra?
– Kvifor treng Sander pengar?
– Kva slags inntrykk får de av Pedersen?
– Kva skal Sander og Tomas med hønene?
– Kvifor leker dei med søppelet dei finn på stranda?
– Kva synest de om at Sander og Tomas vil overraske Erik og Ivan?

Alternativt kan de bruke nokre minuttar på å skrive kva de trur vil skje vidare.

Deretter fortset de å lese resten av utdraget.


ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten


2. Litteraturintervju
Par som rullerer.

I forkant av litteraturintervjuet får elevane utlevert eit ark med nokre spørsmål. I tillegg til dei spørsmåla som står på arket, er det plass til at kvar elev kan skrive tre supplerande spørsmål etter eige val.

Førebu gjerne aktiviteten gjennom å snakke kort med elevane om korleis ulike typar av spørsmål legg opp til ulike typar svar. Eit enkelt skilje mellom spørsmål med og utan eintydig fasit kan vere nok, saman med ei oppfordring til å stille flest av dei siste. Alternativt går det an å bruke eit skilje mellom spørsmål som gjev korte eller lange svar eller mellom einfingerspørsmål, flerfingerspørsmål og ut-av-teksten-spørsmål slik Kverndokken føreslår i 101 måter å lese leseleksa på (Kverndokken 2012).

Eit forslag til spørsmålsark finn de HER (nynorsk) og HER (bokmål).

Elevane skal først skrive dei tre supplerande spørsmåla på arket og deretter ta med seg arket rundt i klasserommet for å finne eit intervjuobjekt. Når dei har funne ein partnar, skal elevane stille eit spørsmål frå lista, og partnaren skal svare. Intervjuaren lyttar til svaret, noterer stikkord på arket og stiller eventuelle oppfølgingsspørsmål ved behov. Når begge elevane har fått svar på eit spørsmål, finn dei ein ny partnar og stiller eit nytt spørsmål frå lista.

 

3. Velje spørsmål
Gruppearbeid.

På bakgrunn av oppgåvene over skal elevane no gå i grupper for å diskutere seg fram til to spørsmål som dei meiner er dei viktigaste å stille til utdraget. I tillegg må gruppa kunne grunngje kvifor dei meiner akkurat det.

 

4. Diskusjon
Klassesamtale.

Bruk spørsmåla frå gruppene til å snakke om utdraget.

La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som bygger vidare på svara til elevane – da opplever dei at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

I tillegg til spørsmåla til elevane kan eventuelt desse spørsmåla inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får de av Tomas?
– Kva synest de om eg-forteljaren, Sander?
– Kva trur de dei to ungdommane skal gjere med hønene?
– Kva trur de eit «skadometer» er for noko? Korleis ser det ut?
– Kva synest de om leiken?
– Når synest de ev. at dei to ungdommane går for langt?
– Kva slags inntrykk får de av Malin?
– Kvifor trur deat Malin kallar Sander for «nevøen min»?
– Kvifor trur de at Sander siterer Bibelen når han reiser seg?
– Kva trur de kjem til å skje vidare?
– Trur de at Sander og Tomas blir avslørte?


4. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale

Utdraget blir diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

Liker elevane teksten? Kvifor/kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på bokslukerprisen.no.

Til slutt kan de snakke om korleis de opplevde å jobbe med kombinasjonen lesestopp og litteraturintervju.

Vi oppmodar elevane til å laste opp meldingar av bøkene som er med på årets Bokslukarpris på nettsidene våre og har laget ei rettleiing til elevane som finst HER (nynorsk) og HER (bokmål). Kvar månad kårar vi ei melding og sender ein bokpremie til vinnaren. Vi håper de vil vere med på å legge til rette for desse aktivitetane som har til føremål å skape auka engasjement for lesing blant elevane på mellomtrinnet.