Opplegg til Smadra

FØR:

Sjå på omslag og tittel.
– Kva legg de merke til på biletet?
– Kva synest de om biletet?
– Kva synest de om fargebruken?
– Kva slags inntrykk får de av personen på biletet?
– Kva slags forventningar får de til teksten?

Les ingressen.

– Har forventningane endra seg? Fortel.

 

UNDERVEGS:

Be elevane om å stoppe etter avsnittet øvst på side 77, etter setninga «Og så tek ho handa kjapt til seg, som om ho hadde brent seg på megDeretter sette ho seg inn i bilen». La dei sitte i par og snakke saman om kva dei trur kjem til å skje vidare.

Etter eit par minutt kan de fortsette lesinga.

 

ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens de las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

 

2. «Stille lesesirkel»
Gruppearbeid.

Elevane går i grupper på 3–4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

 

3. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.

Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva slags inntrykk får de av Oda?
– Kor gammal trur de ho er?
– Kva slags inntrykk får de av mora hennar?
– Kvifor trur de at ho slår?
– Når trur de ho begynte?
– Korleis trur de moren til Oda var før?
– Kva kan ha skjedd som har ført til at ho slår?
– Kvifor trur de at Oda ikkje skjønte kva ho gjorde første gangen mora slo?
– Kvifor trur de at Oda er så fokusert på at det er handa som slår?
– Kvifor trur de at Oda kvepp til når ho høyrer stemma til mora?
– Kva synest de om at mora til Oda føreslår at dei kan gjere noko koseleg?
– Synest de det høyrest koseleg ut å drikke smoothie og å sjå ein film eller å spele eit spel?
– Kvifor trur de at mora tek til seg handa?
– Kvifor trur de at det gjer vondt på Oda når ho drikk?
– Kva synes de om far til Oda?
– Kvifor trur de Oda tenker på faren sin når ho skal ha det koseleg med mora si?
– Trur de faren veit at Oda vert slått?
– Kva slags forventingar har mora til Oda?
– Kva trur de må til for at Oda skal få det betre?
– Kva synest de Oda bør gjere?
– Synest de at ho bør seie ifrå?
– Kven synest de då at ho bør seie ifrå til?
– Kva ville de gjort?
– Kva trur de kjem til å skje i resten av boka?

 

4. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale

Utdraget blir diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

Liker elevane teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.
Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på bokslukerprisen.no.

Vi oppmodar elevane til å laste opp meldingar av bøkene som er med på årets Bokslukarpris på nettsidene våre og har laget ei rettleiing til elevane som finst her HER (nynorsk) og HER (bokmål). Kvar månad kårar vi ei melding som er særleg presis, godt grunngitt eller velskrive og sender ein bokpremie til vinnaren. Vi håper de vil vere med på å legge til rette for desse aktivitetane som har til føremål å skape auka engasjement for lesing blant elevane på 6. trinn.