Lærarrettleiing til Gunnars rekordbok

Av Anders Totland

Dette opplegget er laga i samarbeid med Nynorsksenteret.

Hei, lærar! 

I dette undervisningsopplegget * legg vi opp til at elevane skal bruke tekstutdraget frå Gunnars rekordbok av Anders Totland for å analysere karaktertrekk til personar dei les om.

*Dette er en lenke til Dropbox, og du kan laste ned (pil nedover øverst til høyre) og bruke presentasjonen i klasserommet. Om du laster den ned kan du også gjøre endringer i opplegget etter eget ønske, og tilpasse til din klasse. Du trenger ikke registrert Dropbox-bruker for å laste den ned.

Vi har også laga nokre kreative teikne- og skriveoppgåver ein kan gjere under lesing eller etter lesing. Du finn dei som arbeidsark her: 

 Arbeidsark med tenkjebobler

Arbeidsark, klipp og lim om karaktertrekk

Arbeidsark til utfylling om karaktertrekk

Arbeidsark, illustrer forteljinga

Gunnars rekordbok er skriven på nynorsk, noko som er sidemålet for mange av elevane som er med på Bokslukerprisen. I læreplanen står det at elevane på mellomtrinnet skal lese tekstar på sidemål og prøve ut skriving av tekstar på sidemålet, og oppgåvene er laga med tanke på slik skriftleg utprøving. Elevane bør difor bli oppmoda til å prøve ut skriving på nynorsk når dei skriv her. De finn også ei lita oppgåve der elevane skal samtale om likskapar og ulikskapar mellom bøying av adjektiv på nynorsk og bokmål. Denne kunnskapen kan dei bruke når dei skriv adjektiv vidare i dei skriftlege oppgåvene. Også elevar med nynorsk som hovudmål kan godt oppmodast til å skrive på nynorsk. Fleire studiar viser at nynorskelevar skriv mykje dialekt når dei skriv notat i skulen.

I undervisningsopplegget har vi også lagt til kapittel 1 frå boka. Det utdraget finn de her. 

Anders Totland har skrive fleire populære biletbøker og sakprosabøker som passar for barn på mellomtrinnet, men Gunnars rekordbok er den første romanen hans for denne målgruppa. Her kan de finne eit djupneintervju med Anders Totland om boka, her finn det omtale av boka på Nynorskbok.no, og her kan de finne omtalen av boka på Barnebokkritikk.no.