Opplegg til Eg har venta på deg

av Atle Hansen

FØR:

Klassesamtale

Be elevane sjå på framsida og snakk om kva de ser.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka?
– Kva for tankar får de når de ser på biletet?
– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?
– Kva synest de om tittelen Eg har venta på deg?
– Kva førestiller de dykk at ei bok med denne tittelen handlar om?

Sjangeren er grøss.
– Kva slags samanheng ser de mellom sjanger og tittel?
– Kva slags forventningar har de til ei grøssar?
– Og kva slags forventningar har de til utdraget frå Eg har venta på deg?

Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å lese og snakke om ingressen med elevane før de høyrer på lydfila.

De kan òg førebu lesinga gjennom å snakke om nokre av desse orda: skoddeskyer, tykkjer, kviskrar, slukstonga, pilkesnøre, augo, smiskande, konturar og teiner.

 

UNDERVEGS:

Be elevane dele inn i avsnitt og markere:

– avsnitt som er spennande eller skumle
– setningar og formuleringar dei likar/ikkje likar

 

ETTER:

1. Snakk om utdraget i grupper

Gruppearbeid.

La elevane sitte i grupper på 4 og ha ein samtale med utgangspunkt i følgjande spørsmål:

– Kva for avsnitt synest de er mest spennande? Er de einige?
– Er de einige om kva for avsnitt som er minst spennande?
– Kva for setningar/formuleringar har de valt å framheve? Har de valt dei same eller ulike setningar/formuleringar?
– Kvifor har de valt nett desse uttrykka?

Boka er såkalla lettlesen.

– Er de einige i at ho er det?
– Korleis oppfattar de teksten?

2. Vurdering

Grupper på 4–5 elevar.

La deretter elevane ta stilling til utdraget:

– Likar de utdraget?
– Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at de likar/ikkje likar teksten?

La elevane snakke saman i gruppa om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.
Be elevane lage to lister: ei liste over dei tinga som er med på å gjere teksten god (argument for), og ei liste over ting som dei meiner dreg ned kvaliteten på utdraget (argument mot).

Oppmod elevane til å skrive så mange fordelar og ulemper som dei greier.


3. Debatt i grupper à 4–5 elevar

Gruppesamtale.

Del gruppene frå oppgåve 2 i to. Den eine halvparten tar lista med argument for og den andre med argument mot. Elevane med argument for vert sette saman med ei anna gruppe med argument mot. Fyrstnemnde skal argumentere for at teksten er god, sistnemnde skal argumentere mot. Køyr debatt!


4. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale.

Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får de av Simon?
– Kor gammal trur de han er?
– Korleis vil de beskrive plassen der handlinga skjer?
– Kvifor trur de at jenta på Svingen senter helsar på Simon?
– Korleis vil de beskrive kvinna på stranda?
– Trur de ho følgjer Simon med augo eller er det noko han innbiller seg?
– Trur de ho kviskrar namnet hans?
– Synest de ho verkar skummel? Kvifor/kvifor ikkje?
– Trur de Simon er redd for ho? Grunngi svaret.
– Korleis reagerer han når han høyrer stemma frå loftet?
– Kva legg Simon merke til?
– Kven trur de det kan vere?
– Korleis hadde de reagert?
– Kvifor trur de han går mot stigen?
– Korleis forstår de endringa i naturen?
– Er det andre ting de legg merke til?
– Trur de det kan vere noko han har innbilt seg?
– Trur de han kjem til å seie ifrå om det han har sett?
– Kva ville de gjort viss de var Simon?
– Trur de at han kjem att til sjøhuset?
– Kva trur de kjem til å skje i resten av boka?

Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss de trur Eg har venta på deg er. Kjem de til å tenke på andre bøker, filmer osv.? Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til dei forventningane de hadde før lesinga. Trur de at fleire av desse forventningane blir møtte seinare i boka?

 

5. Avstemming i heil klasse

Klassesamtale

Utdraget blir diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

Liker elevane teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Før de røystar, er det viktig at elevane får vurdert teksten og høve til grunngi synspunktene sine.

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei.

Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på bokslukerprisen.no.


6. Fleire aktivitetar 

denne sida finst ekstra-oppgåver som tek utgangspunkt i utdraget frå Eg har venta på deg.

Ei av oppgåvene dreier seg om å la elevane lage ein boktrailer.
Vi vil òg oppmode elevane til å laste opp ei melding av teksten – eller heile boka – på nettsidene våre og har laget ei rettleiing til elevane som finst HER (nynorsk) og HER (bokmål). Kvar månad kårar vi ei melding og sender ein bokpremie til vinnaren.

Vi håper de vil vere med på å legge til rette for desse aktivitetane som har til føremål å skape auka engasjement for lesing blant elevane på mellomtrinnet.