Opplegg til Keeperen og havet av Maria Parr

FØR:

Klassesamtale

Les ingressen høgt for elevane og be dei sjå på framsida.

NB! Det er meininga at elevane berre skal lytte til utdraget – ikkje lese – og det kan derfor vere ein fordel å vise framsida på ein projektor.

De kan også ta opp kva slags forventningar elevane har til utdraget:

Keeperen og havet er ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte.
– Er det nokon som har lese denne boka eller sett TV-serien (sist vist på NRK vinteren 2015-2016)? Kva kan de seie om boka/TV-serien?
– Kva slags inntrykk får de når de ser på framsida?

Sjangeren er drama.
– Synest de at det går fram av framsida? Fortel!

Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å lese og snakke om ingressen med elevane før de høyrer på lydfilen.
De kan óg førebu lesinga gjennom å snakke om nokre av desse orda: bardunere (s.78), gnog (s.78), dompapar (s.79), flaug (s.80), forfjamsinga (s.80), hardhausane (s.80), gedigne (s.81), dykk (s.81), motlaust (s.81), ljoma (s.81), brøkdelen (s.81), spakare (s.82), krope (s.82), kraup (s.83), brøytestikker (s.83), laust (s.83), vindri (s.83), strauk (s.85).

 

UNDERVEGS:

Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila som høyrer til utdraget frå Keeperen og havet. Lydfila er – som lydfilene til alle dei andre utdraga – tilgjengeleg på bokslukerprisen.no. Det er forfattaren sjølv som les, og det er nokre små avvik frå den skriftlege teksten. Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.

 

ETTER:

1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.

Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Jamføre samandrag
Gruppesamtale.

Når tida er ute og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre å lytte?

3. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale

La først elevane dele erfaringane med å skrive og samanlikne samandrag. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som byggjer vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får de av Trille og Lene?
– Kvifor vil dei gå julebukk?
– Kva slags reaksjonar får dei når dei kjem på døra?
– Kvifor trur de at folk reagerer slik?
– Kvifor trur de det er så viktig for Trille og Lena å ringe på hos Kai-Tommy?
– Korleis reagerer Kai-Tommy på besøket?
– Kva synest Trille om det?
– Kva slags utfordringar trur de det er i venskapen mellom Trille, Lena og Kai-Tommy?
– Kva trur de mora til Kai-Tommy meiner når ho seier: «Ein skulle ikkje tru dei hadde foreldre»?
– Kva tenker de om uvêret?
– Kvifor Har de nokon vore ute i «trevelte-vind»?

I utdraget er det brukt ein del språklege bilde, til dømes «som ein papirengel», «som eit anker» og «som eit hammarslag» (alle på s.83).
– Kvifor trur de forfattaren har vald å bruke slike bilde? Kva har dei å seie for leseopplevinga? (Sjå òg eigen aktivitet her.)
– Kva trur de skjer videre, etter at døra har smolle igjen?

4. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale

Utdraget blir diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

Liker elevane teksten? Kvifor/kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på bokslukerprisen.no.

Vi oppmodar elevane til å laste opp meldingar av bøkene som er med på årets Bokslukarpris på nettsidene våre og har laget ei rettleiing til elevane som finnest her(BM) og her(NN). Kvar månad kårar vi ei melding som er særleg presis, godt grunngitt eller velskrive og sender ein bokpremie til vinnaren. Vi håper de vil vere med på å legge til rette for desse aktivitetane som har til føremål å skape auka engasjement for lesing blant elevane på 5. og 6. trinn.

5. Fleire aktivitetar

På denne sida finst det ekstra-oppgåver som tek utgangspunkt i utdraget frå Keeperen og havet. Fleire av aktivitetane har ein låg terskel og kan gjerast i løpet av få minutt.