Opplegg til Mareritt

FØR:

Klassesamtale

Les ingressen høgt for elevane og be dei sjå på framsida.

NB! Det er meininga at elevane berre skal lytte til utdraget – ikkje lese – og det kan derfor vere ein fordel å vise framsida på ein projektor.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka?
– Kva for tankar får de når de ser på biletet?
– Kva for stemning formidlar bilete, bokstavar og fargebruk – skummel, spennande, ekkel, dramatisk, romantisk?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?
– Kva synest de om tittelen Mareritt?
– Kva førestiller de dykk at ei bok med denne tittelen handlar om?

Bokslukarfiguren viser grøss.
– Kva slags samanheng ser de mellom Bokslukar-figur og tittel?
– Kva slags forventningar har de til ei grøssar?
– Og kva slags forventningar har de til utdraget frå Mareritt?

Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å lese og snakke om ingressen med elevane før de høyrer på lydfila.

De kan òg førebu lesinga gjennom å snakke om nokre av desse orda: kven (s.32), vindauget (s.32) veke (s.32), plenflekk (s.33), kvitmåla (s.33), nærleiken (s.34), maki (s.34).

 

UNDERVEGS:

Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila som høyrer til utdraget frå Mareritt. Lydfila er – som lydfilene til alle dei andre utdraga – tilgjengeleg på bokslukerprisen.no.
Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.

 

ETTER:

1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.

Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.


2. Jamføre samandrag

Gruppesamtale.

Når tida er ute og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre å lytte?

3. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale

La først elevane dele erfaringane med å skrive og samanlikne samandrag. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som byggjer vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva slags inntrykk får de av Mattias?
– Har de prøvd å vakne opp mitt på natta etter eit mareritt? Korleis var det?
– Kvifor trur de Mattias er så redd for jenta?
– Kvifor trur de han får ei kjensle av at ho ikkje vil han noko godt?
– Trur de han drøymer eller er vaken?
– Korleis vil de beskrive jenta?
– Synest de ho verkar skummel? Fortel!
– Korleis ville de reagert viss de hadde sett jenta midt på natta?
– Synest de dokkehuset er skummelt? Kvifor?
– Korleis er det å flytte til ein ny plass?
– Trur de Mattias er nøgd med flyttinga?
– I kva grad trur de flyttinga har noko å seie for opplevingane til Mattias?
– Kvifor trur de Mattias teier i klassen?
– Kva slags inntrykk får de av Julian?
– Kvifor trur de Julian plutseleg får det travelt?
– Korleis trur de det er for Mattias å sjå jenta att?
– Kvifor ser dei to småjentene på Mathias som om han er sprø?
– Trur de at han er det?
– Kva ville de gjort viss de var Mattias?
– Trur de han kjem til å seie ifrå om det han har sett?
– Kva ville de gjort?
– Kva trur de kjem til å skje i resten av boka?

4. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale

Utdraget blir diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

Liker elevane teksten? Kvifor/kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på bokslukerprisen.no.

Vi oppmodar elevane til å laste opp meldingar av bøkene som er med på årets Bokslukarpris på nettsidene våre og har laget ei rettleiing til elevane som finst HER (nynorsk) og HER (bokmål). Kvar månad kårar vi ei melding som er særleg presis, godt grunngitt eller velskrive og sender ein bokpremie til vinnaren. Vi håper de vil vere med på å legge til rette for desse aktivitetane som har til føremål å skape auka engasjement for lesing blant elevane på 6. trinn.

5. Fleire aktivitetar

denne sida finst det ekstra-oppgåver som tek utgangspunkt i utdraget frå Mareritt. Fleire av aktivitetane har ein låg terskel og kan gjerast i løpet av få minutt.