Opplegg til Som ein bror

av Alfred Fidjestøl

FØR:

Klassesamtale.

Sjå på bokomslaget og tittel.
– Kva ser de på framsida av boka?
– Kva for tankar får de når de ser på biletet?
– Kva slags inntrykk får de av sjimpansen på biletet?
– Korleis trur de han har det?

– Har de høyrt om sjimpansen Julius?
– Kva veit de om han?

Som ein bror er ein biografi om sjimpansen Julius.
– Veit de kva ein biografi er for noko? Og kva slags biografiar veit de om?
Ta ein rask gjennomgang i klassa og skriv ned det de kjem fram til.
– Er det reglar for kven og kva ein kan skrive biografi om?
– Kvifor trur de at Julius har fått ein eigen biografi?

– Kvifor trur de at mora til Julius ikkje ville ha han?
– Synest de synd på Julius?
– Kvifor trur de at Julius vil rømme ifrå sjimpanseanlegget i Dyreparken?
– Kvifor trur de det er farleg for Julius og menneska at han rømmer?

Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å dramatisere delar av teksten for elevane. For elevar som har nynorsk som sidemål kan dokker dessutan førebu lesinga gjennom å snakke om eitt eller fleire av følgjande ord: vassgrava (s. 26), sprinklane (s. 26), annleis (s. 26), nærast (s. 26), gøyme (s. 27), gløymde (s. 27), byrja (s. 27), straum (s. 27), stades (s. 27), framleis (s. 28), symje (s.28), walkietalkie (s.29), det opne kontorlandskapet (s. 30), søppelkøyrarane (s. 31), trugsmål (s. 31), vindauget (s. 34) og leiinga (s. 35).

 

UNDERVEGS:

Be elevane notera stikkord til teksten.
Det kan til dømes vere stikkord til:
– noko som er vanskeleg å forstå
– noko som er godt skrive
– korleis forteljaren får fram kva Julius tenker

 

ETTER:

1. Samtale om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Snakk først om ting de lurte på medan de las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

Deretter kan de gjennomføre ein litterær samtale.
For å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga deira.
Begynn derfor gjerne med spørsmål som «Kva handla dette om?» eller «kva skjedde her?», og la samtalen utvikle seg gjennom å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane. Då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva tenkjer de om at Julius måtte bu hos vanlege menneske?
– Synest de det er strengt at Julius ikkje lenger får vere saman med dei to menneskefamiliane?
– Kva synest de om Champis?
– Kvifor trur de Julius rømmer?
– Korleis får forteljaren fram kva Julius tenker?
– Korleis klarar Julius å komme seg ut av anlegget?
– Kva skjer når han rømmer? Korleis reagerer folk i dyreparken?
– Kvifor trur de at det berre er Julius som klarer å rømme?
– Kvifor trur de vi får høyre om tre rømmingsforsøk?
– Er de einige i at Dyreparken måtte gjere noko?
– Kva trur de dei kjem til å gjere?
– Kva trur de Julius vil?
– Kva ville de gjort?

– Synest de at de veit meir om Julius no, etter å ha lese utdraget?
– Kva synest de om å lese ein biografi om ein sjimpanse?
– Kva hadde de skrive om dersom de skulle skrive ein biografi?


2. Avstemming i heil klasse

Klassesamtale

Utdraget blir diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

Liker elevane teksten? Kvifor/kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på bokslukerprisen.no.

Vi oppmodar elevane til å laste opp meldingar av bøkene som er med på årets Bokslukarpris på nettsidene våre og har laget ei rettleiing til elevane som finst HER (nynorsk) og HER (bokmål). Kvar månad kårar vi ei melding og sender ein bokpremie til vinnaren. Vi håper de vil vere med på å legge til rette for desse aktivitetane som har til føremål å skape auka engasjement for lesing blant elevane på mellomtrinnet.

3. Skrivekonkurranse

På denne sida finst ekstra-oppgåver som tek utgangspunkt i utdraget frå Som ein bror, til dømes ein skrivekonkurranse der barna blir oppfordra til å skrive ein biografi inspirert av Som ein bror.
Vi kårar fem vinnarar bland alle dei som sender inn teksten sin og premierer med ein bokpakke i posten.