Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Spådama i 7B

Harald Nortun Samlaget 2021

 

Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B, og starten er alltid vanskeleg. Men fordelen ved å flytte er at ingen veit noko om deg. Du får ein ny sjanse.

KAPITTEL 1

Ny klasse. Du er åleine. Du kjenner ingen. Du aner ikkje kva som ventar deg.

Eg banka på døra til lærarrommet. Ei dame opna. Ho var høg og tynn, med langt, lyst hår i hestehale.

«Du må vere Nina?» sa ho. «Eg er Anne Line, eg er læraren din.»

Bak læraren kom ein mann. Han hadde svart skjegg og ei blå tatovering som stakk opp over skjortekragen.

«Hei», sa mannen. «Eg heiter Bernt, eg er rektor. Velkommen til oss!»

Læraren gav meg ein stabel skolebøker og ei klasseliste. Ho og rektor fortalde mange ting om skolen og klassen. Alt var sikkert viktig, men berre éin ting festa seg:

«Det blir basket i gymmen», sa læraren lågt.

Rektor smilte og nikka, som om basket i gymmen var veldig spesielt.

Rektor såg på klokka, snudde seg mot læraren og sa lågt: «Eg kjem og hentar Jonas nøyaktig klokka 8.40.»

Læraren nikka og sa ja.

Så gjekk vi til klasserommet. Eg hadde ikkje gymklede, så eg kunne ikkje bli med i gymmen. Men
hjartet mitt banka som om eg allereie hadde spelt basket i fleire timar.

«Her er Nina», sa læraren. «Ta godt imot henne!»

20 par framande auge glante på noko dei aldri hadde sett før. Nemleg meg. Nina Fredriksen. Eg gjekk i svart bukse og grå genser, hadde kledd meg passe kjedeleg og vanleg. Men eg skilde meg ut likevel. For eg er lita og tynn. Og kom ein månad for seint til skolestart på grunn av mamma sin jobb i Brussel. Vi har flytta ofte, det var fjerde gong eg begynte i ny klasse. Det verste med å flytte er at du mister nesten alt. Men av og til vil du kutte all kontakt og komme deg vekk frå ting som ikkje er bra. Det er det beste med å flytte. Ingen veit noko om deg. Du får ein ny sjanse.

Starten er alltid vanskeleg. Førsteinntrykket. Eg hatar å vere midtpunkt. Enten får eg ikkje fram eit ord,
eller så seier eg noko dumt. I går snakka eg med pappa på telefonen, og han gav meg eit råd: Finn ut kva folk er interessert i, og gli inn i miljøet så fort du kan.

Dagen begynte med norsk, vi skulle jobbe i grupper. Eg sette meg på ein ledig stol hos to gutar.

«Var det mor di som køyrde deg hit?» spurde den eine guten. «Ho ser ut som spådama på tv. Er du
sigøynar?»

Eg ante ikkje kva gutane hadde sett på tv. Men eg kunne forklare eit par ting for dei.

«Det heiter romfolk», sa eg. «Men vi er ikkje …»

«Driv ho og spår og sånn?» spurde den andre guten. «Slike evner går i arv, ikkje sant? Kan du spå?»

Eg prøvde å smile. For det måtte vel vere ein spøk?

«Kult med ei ekte spådame i klassen», sa den første guten.

Gutane såg på kvarandre og lo. Dei sa ikkje velkommen, dei berre erta. Sånne har eg møtt før.
Den eine seier noko frekt, den andre seier noko endå frekkare, dei blir verre og verre om ingen stoppar dei.

«Oppgåve 1», las eg høgt. «Kor mange …»

Den eine guten la handa si over oppgåvene.

«Les handa mi!» sa han. «Kom igjen, spådame! Fortel om framtida!»

Gutane lo igjen. Den same latteren som i Brussel. Der gjekk eg på ein snobbete internasjonal skole.
Alle snakka engelsk, og eg tenkjer jo på norsk, så eg måtte liksom omsette til engelsk inni meg. Ofte var eg på skolen ein heil dag utan å snakke med nokon. Eg fekk ingen venner. Folk kviskra bak ryggen min.
Sa stygge ting om kleda mine og håret mitt. Kvar einaste dag tenkte eg på kor fint det skulle bli å flytte
heim til Noreg.

Men tenk om det ikkje blei betre likevel. Tenk om 7B var ein mobbeklasse? Eg fekk klump i halsen.
Auga mine blei våte. Tårer skulle ikkje vere det første klassen fekk sjå av meg. Eg måtte springe ut. Skulle akkurat reise meg. Då såg eg notatblokka til guten. Namnet på framsida var Jonas. Det namnet hadde eg høyrt på lærarrommet. Jonas var guten som rektor skulle hente.

No ville Jonas ha ein spådom. Det skulle han få. Eg stirte ned på handa.

«Eg ser ein mann med svart skjegg», sa eg.

Stemma mi var djup og rar. Eg var jo nesten på gråten. Høyrdest ut som nokon andre snakka gjennom
munnen min.

«Mannen har ei tatovering på halsen», sa eg med den snåle stemma. «Klokka 8.40 kjem han og hentar deg.»

Jonas reiv handa vekk som om han hadde brent seg.

«Skjegg og tatovering?» sa vennen. «Du må til rektor, Jonas! Er det tagging igjen?»

Det stoppa munnen på Jonas. Men kameraten masa: «Klokka er 8.39», sa han. «Kjem han snart? Er
spådommen berre tull? Eller kanskje …»

Han bråstoppa. Døra til klasserommet blei opna. Mannen med svart skjegg og tatovering på halsen
kikka inn. Han såg på gruppa vår og sa:

«Jonas, bli med ut ein tur. Vi må snakke saman.»

 

KAPITTEL 2

I det første friminuttet fekk heile klassen høyre om spådommen som blei oppfylt. Vennen til Jonas overdreiv ganske mykje. Påstod at eg hadde snakka med ei stemme som kom frå den andre sida.

Klassen masa:

«Kan du sjå inn i framtida?»

«Kan du påkalle gjenferd?»

«Vinn United i helga, eller?»

«Kan du lese tankar?»

«Har du tryllestav?»

«Kan du magi?»

Alle stod rundt meg i ring. Dette var den nye sjansen min. Klassen visste ingenting om meg, men
plutseleg trudde dei at eg hadde overnaturlege evner. Munnen min blei tørr, tunga nekta å lage ord.

«Kven er Tatjana forelska i?» spurde nokon.

Mange fniste. Alle såg på ei jente i knallgul bukse, det måtte vere Tatjana.
«Kutt ut, Daria!» sa Tatjana. «Spådommar er berre lureri! Viss det gjekk an å sjå inn i framtida, så kunne folk vinne i lotto og bli millionærar. Men dei som spår, er fattige og bur i campingvogner.»

Tatjana med den påskegule buksa hadde rett. Tatjana sa det som eg tenkte. Bortsett frå det med
campingvogner. For nokon blir rike av å lure andre. Kanskje dei til og med kjem på tv.

«Men Nina spådde rett», sa Daria, «det blei akkurat som ho sa!»

«Ho snakka sikkert med læraren før timen», sa Jonas. «Case closed. Pass på kva de seier. Spådama
er spion og angivar.»

Jonas snudde ryggen til og gjekk. Han stoppa snart, for ingen følgde etter. Han hadde nettopp vore
hos rektor på grunn av tagging, men det var visst inga nyheit. Nyheita var meg. Den nye eleven. Klassen
stod tett rundt meg. Nokon spurde igjen:

«Kan du verkeleg spå?»

Alle blei stille. Alle såg på meg. Alle venta på svar.

«Eigentleg ikkje», innrømte eg lågt.

Ho som heitte Daria, såg skuffa ut. Skuffa over meg. Etter berre éin time i ny klasse. Det svei langt
nedi magen.

Jonas gliste ekkelt. Sikkert klar for å seie noko frekt igjen. I timen fekk han meg nesten til å grine. No sa
han at eg var spion og angivar. Jonas var fienden. Han skulle ikkje få rett.

«Men av og til …», sa eg alvorleg.

Daria venta spent. Alle lytta. Til og med Jonas kom nærmare for å høyre. Her var sjansen min, klassen var interessert i magi og spådommar, no skulle eg gli inn i miljøet.

«Av og til», gjentok eg og gjorde stemma djup og alvorleg. «Når eg lukkar auga. Og konsentrerer meg.
Så ser eg ting som snart skal komme.»

På ein måte snakka eg litt sant. Nokre gonger kan eg gjette kva som skal hende. Om eg slenger klede på
golvet, seier mamma snart at eg skal rydde. Om eg gjer noko dumt framfor bror min, kjem han til å erte
meg. Og om nokon kastar ein ball opp i lufta, er det lett å spå at den dett ned igjen.

«Har du alltid hatt ei sånn evne?» spurde Daria.

«Heile livet», sa eg med den djupe stemma. «Bilde frå framtida dukkar opp i hovudet. Nokre gonger er
det litt feil … men andre gonger … er det heilt rett.»

Det var litt sant, det òg. Men det heiter ikkje magi eller spådom. Det heiter intuisjon. Magekjensle. Gjetting. Loddtrekking i hovudet. Eller fri fantasi og flaks.

«Det er jo lett å teste», sa Tatjana. «Spå noko, då. Om klassen, for eksempel.»

«Ja, spå om oss!» bad ei jente.

«Sei noko som hender på skolen i dag!» masa ein gut.

Der stod eg fast. Eg kunne ikkje timeplanen eingong, ante ikkje kva vi hadde i neste time. Eller jo, det kunne eg gjette. Klassen stod rundt meg med gymbagane sine. Og då eg var på lærarrommet, hadde
læraren og rektor faktisk sagt noko om gymtimen.

«Greitt», sa eg. «Skal prøve.»

Eg lukka auga. Konsentrerte meg. Det kom verkeleg ein tanke. Kutt leiken, tenkte eg, sei til klassen at eg
berre høyrde noko på lærarrommet, noko om Jonas og om gymmen. Men om eg røpte sanninga, at eg
ikkje kunne spå, då ville heile klassen gjere narr av meg. Dette var den nye sjansen min. Klassen ville ha
ein spådom. Det skulle dei få.

«Eg ser …», sa eg med mørk stemme. «Eg ser … at det blir basket i gymmen.»

KAPITTEL 3

 

«Basket i gymmen?» gjentok Jonas hånleg. «Høyrde alle det? Nina spår at det blir basket i gymmen!
Dummaste spådommen eg har høyrt!»

Jonas lo høgt. Fleire lo saman med han. Jonas vende heile klassen imot meg. Dei fniste og snudde ryggen til. Dei gjekk mot gymsalen mens dei lo og rista på hovudet.

Ein av gutane lo ikkje. Han var ein høg fyr med trøyst i dei brune auga.

«Det går ikkje an å spele basket», forklarte han. «Nokon reiv ned den eine korga, den blei øydelagd.
Og vaktmeisteren skrudde ned den andre. Forresten står det intervall på programmet, så ballspel blir det
garantert ikkje. Men dei hadde ikkje trunge å le sånn.»

Det var snilt sagt. Endå eg fortente latteren.

«Eg heiter Henrik», sa guten.

Han rekte fram handa, og vi helste på vaksenmåten.

«Om du lurer på noko, kan du spørje meg», sa han.

Henrik verka grei, så eg ville forklare alt:

«Mamma køyrde meg hit, og det såg Jonas, og så gjekk eg på lærarrommet, og …»

Meir rakk eg ikkje seie. Henrik løfta handa og gav meg stoppsignal. Vi stod åleine på gangen, alle dei
andre hadde gått inn.

«Må gå og skifte», sa Henrik, «vi kan snakke etterpå!»

Han forsvann inn på gutegarderoben. Og eg måtte inn til jentene.

«Har du ikkje med gymtøy?» spurde ei jente.

«Klarte du ikkje spå at det var gym i dag?» sa ei anna jente.

«Du kan vel ikkje spele basket i spådamedrakta di?» sa ei tredje.

Garderoben blei full av fniselatter. Vi-mot-deglatter. Du-er-ikkje-ein-av-oss-latter. Den same latteren
som eg hadde høyrt altfor ofte på den førre skolen.

Tårene pressa på igjen. Eg rømte inn på doen for sleppe unna. Gøymde meg bak ei låst dør. Jentene erta like mykje som Jonas. Tenk om 7B verkeleg var ein mobbeklasse? Læraren og rektor hadde verka så rare når dei snakka om basket, eg måtte ha misforstått. Kunne eg ikkje eingong stole på læraren og rektor? Første dag i ny klasse, og alt gjekk gale, dei lo og gjorde narr. Spådamedrakt, hadde ei jente sagt. Eg hadde heilt vanleg bukse og genser for at ingen skulle seie noko som helst om kleda mine.

Eg sat på doen til klassen gjekk ut på gangen og ned mot gymsalen. Då tørka eg auga og følgde etter. Utan å sjå opp frå golvet. Nokon kviskra og fniste bak meg. Nokon lo. Akkurat som i Brussel. Eg ville ikkje vere eit sekund til på denne skolen, eg hadde missa sjansen min, vi måtte flytte igjen, kor som helst, eg ville berre vekk.

I gymsalen stilna fnisinga og latteren. Det einaste eg høyrde, var dunk, dunk, dunk.

Der stod læraren med ein basketball. Ho spretta den i golvet igjen og igjen. Dunk, dunk, dunk.

«Endring i planen», sa læraren med eit lurt smil.

«Det var to snikkarar her i dag tidleg. Dei sette opp nye basketkorger. Gjett kva vi skal spele i gymmen i
dag!»

Legg igjen en kommentar til Linn Chanette Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Tips til å skrive melding

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Sjå andre bøker av forfattaren her

Boktips:

Klure av Atle Hansen
Apetryne av Atle Hansen
Kampen om superbitchene av A. Audhild Solberg
Pym-serien av Heidi Linde
Mitt vidunderlige liv av Jenny Jägerfeld
Verdens beste pappa av Endre Lund Eriksen

Til toppen